Brenn du for arbeidstidsplanlegging og ressursstyring? – Voss herad HR og Innovasjon
Kontor og økonomi Personal, arbeidsmiljø og rekruttering(3 days ago)
Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 13-01-2025
Brenn du for arbeidstidsplanlegging og ressursstyring?
Me treng ein dyktig medarbeidar som kan gje brukarstøtte og rettleiing til leiarane våre i arbeidstidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av GAT. Stillinga ligg til HR-avdelinga ved stabsavdelinga HR og innovasjon. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent faggruppe med ansvar for utvikling, rådgjeving og opplæring innan HR og HMS- feltet. Arbeidet på HR-avdelinga er prega av utstrekt samarbeid på tvers i organisasjonen med moglegheit for påverknad og fagleg utvikling.
Me har ledig 100% fast stilling som HR-konsulent med systemansvar for GAT.
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der me støttar og oppmuntrar kvarandre
- Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
- Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Fleksitid
- Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
- Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkå
Arbeidsoppgåver
- Systemansvar GAT
- Brukarstøtte og rettleiing til leiarar i arbeidstidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av GAT
- Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og prosessar
- Utarbeida og følgja opp personalpolitiske dokument
- Råd og rettleiing av leiar om lov og avtaleverk
- Kompetanseutvikling
- Løn, refusjon, sjukepengar
- Sakshandsaming innan personalområdet
- Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar
Me ynskjer at du har
- Relevant utdanning
- Erfaring og kompetanse i ressursstyring og arbeidstidsplanlegging
- God forståing for utarbeiding av turnus
- Erfaring i bruk av GAT som verktøy
- Kjennskap til lov og avtaleverk i kommunal sektor
- God systemforståing og IT-kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Personlege eigenskapar:
- Kan arbeida sjølvstendig, strukturert og med høg gjennomføringsevne
- Løysingsorientert med evne til raskt å setja seg inn i nye system og prosessar
- God lagspelar og tillitsskapande relasjonsbyggar
- Du må trivast med å jobba saman med andre og ha gode kommunikasjonsevner
- God formidlingsevne
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO