Job Description

Published 16-09-2024
Deadline: 01-10-2024

 

Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

Vil du bli med på laget i Hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 01.12.24 – 31.07.25 i Årdal barnehage.

I Hjelmeland kommune er det fire kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal, Fister og Jøsenfjorden. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» ynskjer me å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.

Hjelmelandsbarnehagen er barnehagar i utvikling. Me søkjer ein pedagogisk leiar som brenn for faget, og som gjennom sitt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skapa ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.

Ansvar og arbeidsoppgåver
– delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
– vera ein tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
– leggja til rette for leik, læring og utvikling
– sikra gode rutinar for det einskilde barnet sin trivnad og utvikling
– leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
– planleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske arbeidet
– skapa eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
– planleggja og gjennomføra foreldresamtalar
– bidra til eit godt samarbeid med andre tenester
– rettleia og støtta medarbeidarar i det pedagogiske/metodiske arbeidet
– vera oppdatert og vidareutvikla fagleg kompetanse

Kvalifikasjonar og vilkår
– godkjent barnehagelærarutdanning eller annan likeverdig utdanning, jamfør barnehagelova §25
– gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova §28

Me søkjer etter ein person som
– er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
– har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
– har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
– er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
– er løysingsorientert og fleksibel
– er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap

Me tilbyr
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
– gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
– kompetanseutvikling for alle tilsette
– rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar
– ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på
tlf. 51 75 00 00.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjelmeland kommune Årdal barnehage orgnr: 875299042
Kort om arbeidsgiver Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted ÅRDAL I RYFYLKE (Adresse: Melevegen 123 Postnr: 4137)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/83d2622e-2041-45fd-b1d7-80ba95b52f32
IMPORTAPI