Brannteknisk ansvarleg – Ingeniør – Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde

Carpenters Vaktmester

(1 week ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 11. November 2024
  •  Expire date: 27. November 2024
Job Description

Published 11-11-2024
Deadline: 27-11-2024

 

Brannteknisk ansvarleg – Ingeniør

Forstår du viktigheita av god sjukehusdrift? Ingeniør med fagbrev og ønskjer å bidra til et positivt arbeidsmiljø?  
Då vil vi gjerne ha søknaden din på vår ledige stilling som brannteknisk ansvarleg. 

Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har i dag 17 engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse. 

Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gir  også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningar. 

I komande år vil utvikling av drifta fortsetje, med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av porteføljen vår. I desse dagar har vi overtatt eit nytt somatisk bygg med moderne og avansert teknologi. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og høg kompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for drift av brann, nød- og ledelys, adgangskontroll og overvakingsanlegg.
  • Utvikle og planlegge alarmsystem ved sjukehusa i Helse Førde.
  • Overhalding av gitte krav og at prosedyrer og rutiner blir fulgt opp
  • Rapportering og rapportbehandling
  • Utvikling av metode og kompetanseoppbygging innanfor ansvarsområdet
  • Oppfølging av rammeavtaler innanfor nemde fagfelt
  • Delta på vernerundane ved Førde sentralsjukehus sine bygg
  • Sakshandsaming relatert til fagområdet.  

Kvalifikasjonar

  • Utdanningsretning: Elektro/automasjon  
  • Utdanningsnivå: Ingeniør/Fagbrev Elektro/automasjon  
  • Systematisk, strukturert og effektiv (analytisk).
  • God kjennskap til drift- og vedlikehaldssystem
  • Sikkerheitsfilosofi er eit nøkkelord for stillinga.
  • Det er nødvendig at kandidaten har meget god IT-kompetanse
  • Relevant praksis vil kunne kompensere for manglande utdanning
  • Førerkort klasse B
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert og omgjengeleg
  • Resultat- og målorientert
  • God arbeidskapasitet – kunne ta et tak ved høve
  • Strukturert og målretta
  • Vere sjølvstendig, men samstundes kunne arbeide i team og i prosjektgrupper
  • Kunne tileigne seg ny kunnskap innan drift og vedlikehald 

Brukargruppa har stort mangfald som best blir møtt med respekt og glimt i auget. Vi ønskjer oss ein kollega med gode samarbeidsevner, og som er sosial og omgjengelig. Du må være open for andre sine meningar, erfaringar og kompetanse, og kunne dele av din kunnskap.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Eit fagmiljø med moglegheit for nye utfordringar og stimulans til vidare eigenutviking
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Felksibel arbeidstidsordning
  • Hjelp med bustad/husvære

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Terje Jan Nes, Avdelingssjef, 415 30 517
Jan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, 992 88 838

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4882969558
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Teknisk Drift Førde, SMS, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7c037185-5e6a-42f6-82f3-f7885129206a
IMPORTAPI