Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: 16-10-2024

 

Brannkonstabel 

Ørsta Brann og redning har ledig to faste deltidsstillingar som brannkonstabel ved Vartdal brannstasjon. 

Brannstasjonen ligg ved E39 i Vartdal sentrum og har 10 fast deltidstilsette brannkonstablar. Som deltidsbrannkonstabel rykker du ut frå der du er, enten du er heime, på butikken eller på jobb på Vartdal. På brannstasjonen skiftar du til utrykkingskle og reiser ut med brannbilen til hendingsstaden. Arbeidet består av utrykking til akutte hendingar og øvingar. Brannkonstablane på Vartdal rykker i snitt ut til 17 hendingar i året. 

Dei siste 6 åra har brannkonstablane til Vartdal rykt ut til 89 hendingar. Av desse var det 46 trafikkulykker, 16 brannar,  13 unødige alarmar, tre akutt forureining, ei naturhending og 10 andre oppdrag.

Stillingsprosenten står for det faste timetalet ein har kvart år, som er øvingane. Ein øver i snitt 10 gongar i året. 

Alle som er tilsett ved stasjonen må ha bustad i Vartdal sentrum og kunne møte på brannstasjonen innan 4 minutt på dagtid og 6 minutt på natt frå sin bustad. Det er ikkje vaktordning, men ein får godtgjersle og pliktar å møte opp ved alarm når ein er på Vartdal.  Fråvær frå Vartdal lengre enn 4 døgn skal meldast til brannsjefen, slik at han kan gjere eventuelle organisatoriske grep om det viser seg at mange er fråværande samtidig.

Arbeidsoppgåver

  • Utrykning til brann og  andre ulykker
  • Røykdykking
  • Helseoppdrag
  • Redning av  verdiar
  • Hindre akutt forureining

Kvalifikasjonar

  • God fysikk og helse i samsvar med retningslinjer for røyk og kjemikaliedykkere
  • Kunne fungere som røykdykkar
  • Tilfredsstillande helseattest må leggast fram
  • Fysisk test for røykdykkar må gjennomførast årleg
  • Tilfredsstillande politiattest må leggast fram ved tilsetting
  • Må disponere bil i vaktvekene
  • Førarkort for tyngre køyrety klasse C
  • Bustad i sentrum – oppmøte brannstasjonen innan 4 min.
  • Arbeidsplass på Vartdal er eit pluss men er ikkje eit absolutt krav.

Må vere villig til å gjennomføre nødvendig opplæring/utdanning. Utdanning vert betalt av arbeidsgjevar.

Dersom den som vert tilsett i stillinga ikkje har førarkort klasse C, må ein skaffe seg dette seinast 4 år etter tilsetting og koste dette sjølv. 
Du kan søkje arbeidsgjevar om å få dekt deler av kostnaden etter å ha fullført førarkort klasse C.

Ved behov vert utrykkningskurs dekt av arbeidsgjevar.

Aktuelle søkjarar må gjennomgå helsekontroll for røyk- og kjemikaliedykkar og fysisk test før tilsetting. Krava finn du på Arbeidstilsynet sine temasider: https://www.arbeidstilsynet.no/tema/kjemikalier/royk-og-kjemikaliedykking/helseundersokelse-for-royk-og-kjemikaliedykkere/ 

Personlege eigenskapar

  • God fysisk og psykisk helse
  • Interesse for redningsarbeid
  • Gode samarbeids og kommunikasjonsevner
  • Engasjert og sjølvstendig
  • Praktisk anlagt og løysingsorientert
  • Forstå og gjere seg forstått på godt norsk

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø  med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling  med formål å gi ei bedre og meir effektiv teneste.
Brannvesenet er ein samansveisa gjeng med godt samhald når ein møtast.
Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

Stillinga er plassert i kap 4GR1 –  Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7234 – Brannkonstabel
Brannmannskapet får betalt for å bere nødnettradio kontinuerlig, og ikkje berre når dei har vakt. 
For faste stillingar er det 6 mnd prøvetid. 

Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, røynsle frå tilsvarande arbeid.
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk

Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Odd Jarle Engeset, Leiar beredskap, 99 32 72 70, odd.jarle.engeset@orsta.kommune.no
Thomas Winther Leira, Brannsjef, 90 74 91 12, Thomas.Winther.Leira@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4860152061
Stillingsprosent: 1,06%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ørsta kommune, Brann og redning orgnr: 974561581
Kort om arbeidsgiver


Ørsta
kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Brann-, utryknings- og redningspersonell
Sted ØRSTA (Adresse: Dalevegen 6 Postnr: 6153)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/494a2139-5352-4241-bc5d-a33f4eb345b7
IMPORTAPI