Job Description

Published 30-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Brannkonstabel i Seljord brannvesen, 1,4% – Ny frist 11.11.24

Vi har ledig 1,4 % stilling som brannkonstabel, deltidsansatt i VTBR avdeling Seljord Brannvesen.

Brannstasjonen ligg i Seljord sentrum og har 16 faste deltidsansatte mannskap. Arbeidet består av utrykning til akutte hendingar, samt øvingar/ trening knytt til dette.

Brannvesenet rykker mellom anna ut til redning av liv og verdiar, brannsløkking, røykdykking, trafikkulykker, andre ulykker / hendingar og avgrensing av akutt forureining.

Stillingsprosenten står for det faste timeantalet ein har kvart år, som er øvingane.

Alle som er tilsett ved stasjonen må ha bustad i Seljord sentrum krins, og kunne møte innan 5 minutt på dagtid og 7 minutt på natt. Det er ikkje fast vaktordning, men ein får godtgjersle og pliktar å møte opp ved alarm.

Me ser etter deg som

• Er fysisk og psykisk skikka til tenesta

• Vera helsemessig skikka til røykdykkar (fysisk test + helseattest)

• Har førarkort klasse B, (manuelt gir), og skal ha hatt dette uavbrote i minimum 2 år

• Er viljug til å gjennomføre naudsynt opplæring / kursing knytt til stillinga

• Må kunne leggje fram eigenerklæring om helse

• Før tilsetjing kan legge fram tilfredsstillande politiattest

• Har fast bustad i nærleiken av brannstasjon

• Jobbar i eller nær Seljord sentrum

• Har hovudarbeidsgjevars løyve til å delta på utrykking i arbeidstida. Aktuelle kandidatar må dokumentere dette.

I tillegg er det fordel at du har:

• Førarkort klasse C og kode 160

Personlege eigenskapar

Følgande eigenskapar vektleggjast:

Som brannkonstabel møter ein situasjonar det kan vera vanskeleg å førebu seg på. Det er spesielt å utgjera beredskapen for akutte hendingar i lokalmiljøet. Gjennom trening, øving og samhald skal du i størst mogleg grad bli rusta for denne type hendingar. Dine personlege eigenskapar ligg til grunn for korleis me forheld oss til andre menneskje, både internt i organisasjonen og eksternt ovanfor publikum.

Vi tilbyr

• Stilling tilsettast og lønnast som brannkonstabel deltid, etter gjeldande lovar og tariffavtaler

• Ordning med bæring av radioterminal for varsling ved utrykkingar

• Ein spanande jobb med moglegheit for utvikling

• Moderne bil og utstyrspark

• Brannstasjon utforma i følgje til dagens HMS krav

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seljord Kommune orgnr: 888750452
Kort om arbeidsgiver

Vest-Telemark brann og redning IKS avdeling Seljord har ansvaret for brann og ulykkeberedskap i Seljord Kommune. Den som vert tilsett vil ha Seljord Kommune som arbeidsgjevar.

Webside
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Brann-, utryknings- og redningspersonell
Sted SELJORD (Adresse: Brøløsvegen 13A Postnr: 3840)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2f7b5d11-0b9d-4a17-b277-fe22a89bc3b9
Stillingsregistrering