Bli vår nye sjukepleiar – Kirurgisk post, Stord sjukehus

Health and social care Nurse

(1 day ago)

  • STORD
  •  Post Date: 2. October 2024
  •  Expire date: 20. October 2024
Job Description

Published 02-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Bli vår nye sjukepleiar

Som sjukepleiar hos oss vil du få ei unik moglegheit til å utvikle din kompetanse innan kirurgisk pleie, med arbeid innan ortopedi og generell kirurgi.

Stillinga inngår i ein årsplan med arbeid 16 helger per år etter oppsatt plan. Det må påreknast arbeid i ein 3- delt turnus. Mogligheit for langvakter på helg med økonomisk kompensasjon.

Kirurgisk post har 18 senger. Posten handterer ei blanding av elektiv behandling og øyeblikkelig hjelp. I tilknytning til posten finst i dag ein sårpoliklinikk som er bemanna av personell frå sengepost. Har du sårutdanning fra før er dette ein gylden anledning til å få arbeide ytteligare med dette som spesialfelt.

Om du er interessert i vidareutdanning innan sårbehandling, geriatri el, vil du ha gode moglegheiter til å få støtte til dette i framtida. 

Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna og har ein viktig akuttfunksjon innan kirurgi, medisn og føde/barsel. Vi er lokalsjukehuset til omlag 50 000 innbyggjarar i nærliggjande kommunar og er dedikert til å tilby god kvalitat i pasientomsorga.

Hos oss vil du få mange trivelege kollegaer som jobbar godt saman. Vi håpar du kan tenkje deg å jobba saman med oss i framtida. 

Arbeidsoppgåver

  • Ivaretaking av øyeblikkeleg hjelp pasientar
  • Følgje elektive pasientar frå førebuing før operasjon, til dei er ferdigbehandla.
  • Observasjon, behandling, stell og pleie.
  • Studentveiledning 
  • Medikamenthåndtering
  • Relevante sjukepleieprosedyrer
  • Samhandling med primærhelsetjeneste
  • Gruppeleiing

Kvalifikasjonar

  • Norsk Autorisasjon som sjukepleiar
  • Videreutdanning innan sårbehandling er ein fordel, men ikkje et krav
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjørande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordisk statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstest eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Gode IKT kunnskapar

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du :

  • arbeider sjølvstendig og tar ansvar
  • viser faglig interesse og engasjement
  • arbeider strukturert og effektivt
  • liker å ta faglege utfordringar og har evne til nytenking
  • er god på kommunikasjon og samarbeid med både pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Gode arbeidsforhold som følgjer lov og avtaleverk
  • Ei avdeling med godt arbeidsmiljø
  • Kollegaer med fagleg interesse
  • Eit ungt fagmiljø
  • Moglegheiter for støtte til vidareutdanning
  • Spennande stilling med rom for personleg og fagleg utvikling

 

Vitnemålsportalen 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

 

Kontaktinformasjon

Halvor Jordåen, Funksjonsleiar – kirurgisk sengepost

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4866875283
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk post, Stord sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2f5f2c45-f617-4d6c-878a-b5d016f242f9
IMPORTAPI