Bli vår nye konsulent hos og bidra til god pasientflyt? – Pasientreiser Helse Fonna HF
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 week ago)
Job Description
Published 30-03-2025
Deadline: 21-04-2025
Bli vår nye konsulent hos og bidra til god pasientflyt?
Vil du jobba med pasientkontakt og koordinering i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, læring og god stemning?
Som konsulent hos oss får du ei variert og viktig rolle der du har kontakt med pasientar, helsepersonell og transportørar – hovudsakleg over telefon. Du er med på å planleggje og bestille reiser, koordinere transport og bidra til god flyt i kvardagen for dei som treng det mest.
Vi har jamlege kurs og faglege møte – både digitalt og i fagforum – der vi lærer av kvarandre, deler erfaringar og diskuterer aktuelle problemstillingar. Du får høve til fagleg utvikling i kvardagen, samtidig som vi legg stor vekt på trivsel og fellesskap. Velferdskomiteen vår arrangerer månadlege aktivitetar, og vi reiser på årleg tur med både fagleg og sosialt innhald.
Du må kunne yte god service på telefonen samstundes som du nyttar digitale verktøy. Det er ein fordel om du er godt kjend i Helse Fonna sitt område sidan vi samarbeider med alle kommunane i området til Helse Fonna.
Høyrest dette ut som ein arbeidskvardag for deg? Då håpar vi du vil søkje – vi ser fram til å bli kjent med deg!
Kva går jobben ut på?
- Kundebehandling via telefon
- Rettleiing av helsepersonell, pasientar og transportører
- Transportkoordinering
- Reiseplanlegging
- Flybestilling
- Saksbehandling
Endringar i arbeidsoppgåver må påreknas ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bestått 3 år videregåande skule
- Erfaring frå reiseplanlegging og saksbehandling er ønskeleg.
- Gode allmenne datakunnskaper og erfaring i bruk av IKT-verktøy
- Gode språkkunnskaper og kommunikasjon er heilt avgjerande for nøyaktig samhandling med ulike instanser. Søkar må kunne norsk munnleg og skriftleg. Søkarar med anna morsmål enn norsk må ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Kjenner du deg att i dette? Då vil vi gjerne høyre frå deg:
- Gir god service og kommuniserer tydeleg
- Har orden og er fleksibel
- Trivst med å jobba sjølvstendig, men og saman med andre
- Tek initiativ og lærer raskt
- Bidrar til eit godt og engasjerande arbeidsmiljø
Kvifor velje oss?
- Du blir ein del av eit trygt og godt arbeidsmiljø med høg takhøgd
- Du får god opplæring og fagleg påfyll gjennom e-læring, kurs og fagforum
- Vi har ein aktiv velferdskomité som arrangerer månadlege aktivitetar
- Vi reiser på årleg tur med både fagleg og sosialt innhald
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar: medlemskap i pensjonsordning (2 % pensjonstrekk), yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marie Helen Hetland Kastrati, Funksjonsleiar, +47 92294570
Arbeidsstad
Møllervegen 22
5525 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4944759870
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Pasientreiser Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no. |
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Møllervegen 22 Postnr: 5525) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-04-2025 |