Job Description

Published 04-03-2025
Deadline: 20-03-2025

Bli vår nye helsesekretær!

Likar du å snakke med folk, halde orden og ha ein jobb der dagane går fort?

Ved Kontaktsenteret i Helse Fonna treng vi ein helsesekretær som er pliktoppfyllande, omtenksam og til å stole på – og som ikkje er redd for å ta i eit tak når det trengst. Her får du ein viktig jobb med god opplæring, trivelege kollegaer og høve til å lære meir.

Dette er eit vikariat på fire månader – ein flott sjanse til å få erfaring, bli kjent med ein spennande arbeidsplass og utvikle deg vidare i rolla som helsesekretær.

Blir du med på laget? Søk no! 💙 

Kva går jobben ut på? 

  • Svare på henvendingar til poliklinikkar på telefon
  • Endre og avbestille timar
  • Samarbeid med poliklinikkar
  • Det kan i tillegg tilkomme andre arbeidsoppgaver til stillingen knyttet til Kontaktsenteret

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • Utdanning som helsesekretær/sekretær
  • Kunnskap og erfaring med DIPS
  • God i norsk skriftleg og munnleg og grunnleggande ferdigheiter i engelsk munnleg. Skriv i søknaden om du har språkkompetanse utover norsk

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som: 

  • er serviceinnstilt, tek ansvar og møter både medarbeidarar og brukarar med respekt og imøtekomande haldning.
  • ser kva som må gjerast, tek ansvar for eigne oppgåver og bidreg aktivt til å finne gode løysingar.
  • klarer å prioritere oppgåver når det er mykje å gjere, og held fokus på det viktigaste.
  • trivst med å jobbe saman med andre, støttar kollegaer og bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • kan omstille deg etter behov, tek på deg nye oppgåver og finn løysingar når situasjonen krev det.
  • ser moglegheiter for å lære og utvikle deg i jobben.

Kvifor skal du velje oss?

  • Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre, samarbeider godt og deler kunnskap og erfaringar.
  • Vi er ei IA-bedrift, noko som betyr at vi jobbar aktivt for å skape ein helsefremjande og inkluderande arbeidsplass der alle får moglegheit til å bidra og utvikle seg.
  • Vi legg til rette for at du kan utvikle deg både fagleg og personleg.
  • Løn blir fastsett i samsvar med gjeldande tariffavtale, og vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.

    Kontaktinformasjon

    Wenche Jakobsen, Avdelingsleiar, wenche.jakobsen.falkeid@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 Haugesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 4932807745
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 01.06.2025
    Søknadsfrist: 20.03.2025

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Kontaktsenter, Helse Fonna HF orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

    Webside www.helse-fonna.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Helsesekretær
    Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
    Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse 01-06-2025
    Søknadsfrist 20-03-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/28324a47-fbd2-4be7-9d7e-a06cec23eb54
    IMPORTAPI

    Generic filters
    Exact matches only
    PrevNext
    SuMoTuWeThFrSa
         12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
    31