Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 23-01-2025
Bli førarprøvesensor
Om stillinga
Som førarprøvesensor skal du bidra til at våre vegar blir fylte av kompetente sjåførar. Me søkjer deg som er god på kundebehandling og opptekne av sikker åtferd i trafikken. Les meir om det å vera sensor her.
Arbeidsoppgåver
Hovedoppgåva er gjennomføring av praktiske førarprøver i klasse B, men ved behov kan det også bli aktuelt med prøver i andre klassar eller anna trafikktryggleiksarbeid. Den som blir tilsett som sensor, må gjennomføra grunnutdanning for førarprøvesensorar (TK-studiet). Grunnutdanninga blir avslutta med eksamen.
Kompetansekrav
Det er ein fordel dersom du har trafikklærarbakgrunn, og du må vera over middels oppteken av trafikk og trafikktryggleiksarbeid. Du må ha gjennomført minimum 2-årig universitets- eller høgskuleutdanning (høgskulekandidat). I heilt spesielle tilfelle kan kravet til utdanning fråvikast om du har fagbrev som yrkessjåfør.
I tillegg må du
- ha førerett og køyreerfaring på tunge klassar
- ha fylt 25 år og hatt førerett klassa B samanhengande dei siste 5 år
- oppfylla helsekrava for å oppnå førerett i klasse D
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR.
I tillegg legg me vekt på at du:
- kommuniserer godt med ulike typar menneske
- har god trafikal forståing og gode køyreferdigheiter
- er fortruleg med bruk av digitale verktøy
- meistrar godt skriftleg og munnleg engelsk, i tillegg til norsk
- samarbeidar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har førerett og køyreerfaring frå fleire klassar, som mellom anna BE og MC
- jobbar ryddig og strukturert
Arbeidsstad for stillinga er Ørsta trafikkstasjon. Det er viktig for oss å utnytta ressursane våre på tvers i området, du må derfor vera innstilt på ein del reising mellom ulike trafikkstasjonar.
Me vil gjennomføra bakgrunnssjekk av dei mest aktuelle kandidatane.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statens vegvesen orgnr: 924692960 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag. Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
|
Webside | https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Instruktører og pedagoger |
Sted | HOVDEBYGDA (Adresse: Langemyra 5 Postnr: 6160) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-01-2025 |