Bli ein del av Poden & Boden! – Poden As
Sales, retail and retail trade Sales, retail and merchandising(7 hours ago)
Job Description
Published 17-10-2024
Deadline: Snarest
Bli ein del av Poden & Boden!
Poden & Boden er ein gjenbruksbutikk midt i Førde som gjer det lett for folk å selge skattane sine og finne nye favorittar. Vi opplever at fleire tek turen innom butikken vår og dagane blir stadig travlare. Difor søker vi ein ny medarbeidar i 80% stilling!
Arbeidsoppgåver:
-
Ta imot selgarar og bistå dei med opprigg og nedrigg av boder
-
Stå i kassen og hjelpe kundane
-
Halde orden i boder og hyller
-
Poste nye boder, varer og anna innhald på sosiale medium
Vi ser etter deg som:
-
Likar å jobbe med folk og brenn for gjenbruk
-
Er fleksibel og engasjert
-
Kan jobbe både dag, kveld og helg
Interessert? Send søknad til oss – vi ser fram til å høyre frå deg!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Poden As orgnr: 932084279 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Poden & Boden er ei lita, ny bedrift starta av tre damer som saman ønsker å gjere ein meir berekraftig kvardag både gøy og lettare tilgjengeleg for alle! 👕 Vårt mål er gjenbruk i alle ledd ♻️ Vi er stolt av å opne ein butikk med boder bygd av pensjonert HAKI-stillas og alt frå kleshengarar til butikkinnredning og kassesystem er kjøpt brukt. Desember 2023 opna vi dørene til våre lokaler på over 300m² på det nye næringsbygget Elvekanten. Lokalisert midt i sentrum i Førde, med ny kafè, restaurant og velvære som naboar, håpar vi at du vil trivast hos oss 💚 |
Webside | https://www.podenogboden.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Salg, butikk- og varehandel |
Sted | FØRDE (Adresse: Elvevegen 13 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |