Job Description

Published 26-09-2024
Deadline: 18-10-2024

 

Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral har ledige helgestillingar

Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral har frå snarast ledig fleire helgestillingar med arbeid 3. kvar helg i 3/2 delt turnus for sjukepleiar/legevaktsoperatør. Er du utdanna sjukepleiar og heime med barn, held  på med videreutdanning eller jobber innen andre deler av helsetenesta er dette e unik mulighet til å jobbe ekstra og til å oppretthalda fagkompetanse. Som nyutdanna sjukepleiar er du og velkommen som søkjar. Du vil få god opplæring i et  godt arbeidsmiljømiljø med høg fagleg kompetanse. Vaktene på helg varierer fra nattevakter, seinvakter, dagvakter eller langvakter.

Arbeidsstad
Vi held til i Beredskapsbygget på Moberg, i same bygg som ambulansetenesta og Brann og redning. 
Legevaktsentral for kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.

Arbeidsoppgåver
Legevaktsentralen er ei akutt-teneste på dagtid og utanfor legekontora si arbeidstid. Med akutt hjelp meinast: “den helsehjelp som helsetenesta eller ein helsearbeidar er pliktig til å yte utan opphald eller snarast når hjelpa er påtrengande nødvendig for å avverge fare for akutt dødsfall, akutt betydeleg helsetap eller avhjelpe alvorlege smertetilstander».

Oppgåvene på legevakta er å svara på henvendelsar til legevaktsentralen. Jobbe i team med lege- og ambulansepersonell og handtera pasientar både på legevakta og ute i kommunane

Kvalifikasjonar

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar, om du er medisinerstudent m/lisens kan du og verta vurdet
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring
  • Du må ha sertifikat klasse B 
  • Du må kunne jobba sjølvstendig 
  • Du må ha generelle datakunnskapar 
  • Du må ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner 
  • Du må kunne beherska munnleg og skriftleg engelsk 
  • Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar 

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Vi tilbyr

  • God opplæring i et trygt miljø
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Lønn etter gjeldende avtaler
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester orgnr: 894766662
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted OS (Adresse: Torggata Postnr: 5209)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 18-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c6897e8c-132c-4fda-b1c8-a7a8dd4682ac
IMPORTAPI