Job Description

Published 22-09-2024
Deadline: 07-10-2024

 

Bioingeniør ved fertilitetseininga

100% fast stilling som bioingeniør/embryolog er ledig ved ein av Noregs leiande IVF-klinikkar

Haugesund Fertilitetssenter har arbeidd med assistert befruktning sidan 1985. Fagmiljøet du møter hos oss har lang erfaring, og vi legg stor vekt på personleg og trygg behandling. Vi arbeider i eit tverrfagleg team og vi kan og vise til eit godt miljø og gode resultat. Samla er vi 16 tilsette.

Eininga utfører omtrent 1000 behandlingar årleg og det blir fødd omtrent 300 barn. Avdelinga byr på eit dynamisk miljø med høg fagleg kompetanse, dyktige kollegaer og gode samarbeidsforhold. Fertilitetseininga utfører dei fleste former for assistert befruktning som er tillatt i Noreg. Vi utfører også undersøkingar som hysteroscopi, testisbiopsi og fertilitetsbevarende nedfrysning av sæd. Våre lokaler er flotte og velutstyrte med den nyaste teknologi tilgjengeleg i avdelinga.

Alle bioingeniører på fertilitetseininga er fagansvarlige. Eininga er poliklinikk med dagarbeid mandag til fredag.

Fertilitetseininga inngår i Kirurgisk klinikk ved Haugesund sjukehus. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i alle arbeidsprosessar på laboratoriet i klinikken
  • Delta i kvalitetsarbeid i avdelinga
  • Dagarbeid, med noko helgearbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør, embryolog eller tilsvarande med interesse for fagfeltet
  • Motivasjon for å bli ESHRE sertifisert er ønskeleg.
  • Ønskeleg med erfaring innan fertilitetsbehandling. 
  • Gode datakunnskaper
  • Gode språkkunnskapar i norsk er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og kvalitetsorientert
  • Pasientorientert
  • Vere ein engasjert teamarbeidar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig

Personelge eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.      
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Elisabeth Schiefloe, Funksjonsleder, 41863940
Sidsel Petrine Vetås, Avdelingsleiar, +47 52732326

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4862990761
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fertilitetseininga Haugesund sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ecf08663-9304-4e73-a620-d7ef8cb5b6c2
IMPORTAPI