Bioingeniør, bioingeniørstudent – Mikrobiologisk Laboratorium, LMBB og Avdeling for Patologi, Helse Førde
Education Research work(1 day ago)
Job Description
Published 14-11-2024
Deadline: 15-01-2025
Bioingeniør, bioingeniørstudent
Laboratorieavdelingane i Helse Førde, Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2025.
Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer å jobbe i sommarferien.
Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Bli med oss!
Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og vi har mange ulike sosiale aktiviteter på fritida heile året rundt – og vi har alltid plass til fleire.
Dei som vert tilsett i sommarjobb kan og få tilbod om å jobbe ekstra rundt høgtid og andre ferier.
Dette er ei felles utlysing for:
- Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)
- Mikrobiologisk avdeling
- Avdeling for Patologi
Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss! Om du har eit ønske om kva for eit laboratorium du helst vil arbeide ved, kan du opplyse om dette i søknaden.
Ferievikariat gjeld for perioden 02.06.2025 – 17.08.2025, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.
Arbeidsoppgåver
- Utføre analytiske og preanalytiske oppgåver etter godkjente prosedyrer og gjeldande lover og regelverk
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør/1.- 3. års bioingeniørstudent
- Andre med relevant utdanning eller praksis kan bli vurdert
- Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag.
Personlege eigenskapar
- Påliteleg og arbeidsam
- Kunne arbeide i team
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Bistand til å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar – LMBB, 57839287
Marianne Schiefloe Myklebust, Seksjonsleiar – Mikrobiologi, +47 986 64 325
Katja Helmine Nielsen Gulhaugen, Seksjonsleiar – Patologi, 411 72 494
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4885866301
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 15.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Mikrobiologisk Laboratorium, LMBB og Avdeling for Patologi, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Forskningsarbeid |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 9 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-06-2025 |
Søknadsfrist | 15-01-2025 |