Bibliotekar – vikariat – Hemsedal kommune Kultur
Kultur og kreative yrker Museum, bibliotek, arkiv(14 hours ago)
Job Description
Published 31-10-2024
Deadline: 20-11-2024
Bibliotekar – vikariat
Ved Hemsedal bibliotek er det ledig eit 44% vikariat som bibliotekar frå 01.01.25 til 31.08.25.
Biblioteket er eit kombinasjonsbibliotek med Hemsedal skole, og har lyse og fine lokale i sentrum av Hemsedal. Biblioteket har i dag 2,2 årsverk fordelt på 4 tilsette.
Kvalifikasjoner og personlege eigenskapar
- Bachelor i bibliotek- og informasjonsfag, skolebibliotekkunnskap eller annan relevant utdanning
- Relevant erfaring og praksis
- God evne til formidling
- Er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
Det vert lagt vekt på formell kompetanse og personlege eigenskapar ved vurdering av søkarar.
Vi søker deg som:
- har erfaring frå bibliotek og formidling til barn og unge
- har lyst og evne til å formidle
- er sjølvstendig, positiv og glad i å jobbe med folk
Laurdagsvakter inngår i stillinga.
Krav til helse- og vandelsdokumentasjon
Ved enkelte stillingar innan Oppvekst er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsett for smitterisiko. For tilsette ved biblioteket er det krav om politiattest.
Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Vitnemål og attestar skal lastas opp som ein del av søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontaktperson
Anne Berit Ulsaker, Biblioteksjef, 97763842, anne.berit.ulsaker@hemsedal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO