Job Description

Published 12-09-2024
Deadline: 01-10-2024

 

Bibliotekar og glad i å formidle? Ledig 50 % vikariat ved Vågå bibliotek

Vågå kommune søkjer ein engasjert bibliotekar til eit 50 % vikariat ved Vågå bibliotek. Er du glad i bøker og menneske, og ynskjer å bidra til å skape ein levande møteplass i lokalsamfunnet? Da er dette stillinga for deg.

Om stillinga:

  • 50 % vikariat i 1 år med moglegheit for fast stilling etter enda vikariat
  • Arbeidstid: 2–3 dagar i veka, noko kvelds- og helgearbeid fell inn i turnusen
  • Løn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Vågå bibliotek er ein del av Vågå kommune sin kulturavdeling
  • Oppstart så snart som mogleg

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing og service til bibliotekbrukarar
  • Formidling til barnehagebarn og skuleklassar
  • Utlån og innlevering av bøker og andre medium
  • Klargjering av bøker til utlån
  • Vere med å planleggje, marknadsføre og gjennomføre arrangement
  • Sørge for at ordensreglane på gamingrommet blir følgt og at biblioteket er ein god stad å vere for alle
  • Låne ut utstyr frå utstyrslageret
  • Opplæring og oppfølging av andre

Vi søkjer deg som:

  • Er over gjennomsnittet glad i formidling, bibliotek og litteratur
  • Gjerne har relevant utdanning
  • Er serviceinnstilt og trivst med å møte menneske i alle aldrar
  • Har grunnleggjande dataferdigheiter
  • Er sjølvstendig, fleksibel og kan arbeide både åleine og i team
  • Beherskar norsk og engelsk godt

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Eit triveleg arbeidsmiljø i hjartet av bygda
  • Opplæring i bruk av biblioteksystem
  • Moglegheit til å forme biblioteket si rolle i lokalsamfunnet
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknadsfrist: 1. oktober.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

For spørsmål kring stillinga, kontakt biblioteksjef Kai Robin Flesvik Nilsen, telefon: 902 39 599, e-post: kai.robin.nilsen@vaga.kommune.no, eller tenesteleiar kultur Kjersti Frackmann Strass, telefon: 970 68 931, e-post: kjersti.strass@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vågå Bibliotek orgnr: 974562200
Kort om arbeidsgiver

Vågå bibliotek ligg sentralt plassert i Vågåmo og har eit godt samarbeid med skule, barnehage og nabobibliotek. Biblioteket har eiga gamingrom, barneavdeling, vaksenavdeling og utstyrslager med gratis utlån av turutstyr og syklar.

Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Museum, bibliotek, arkiv
Sted VÅGÅ (Adresse: Postnr: 2680)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 01-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/49dd859d-17d2-4721-8b0b-56ab965aaf49
Stillingsregistrering