Betalt etterutdanning i dialektovergang for skodespelarar – Teater Vestland As, Nynorsk scenespråksenter
Kultur og kreative yrker Underholdning, scene og teater(6 hours ago)
Job Description
Published 23-10-2024
Deadline: 03-11-2024
Betalt etterutdanning i dialektovergang for skodespelarar
Det kan vere typiske utfordringar i møte med eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen du bruker til vanleg. På Nynorsk scenespråksenter lærer du dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.
Hva vi ser etter
Du kan sjekke av på minst eitt av desse punkta:
-
Medlemsskap i Norsk skuespillerforbund eller tilsvarande organisasjon
-
Fullført bachelor eller tilsvarande utdannings som skodespelar
-
Medverka i minst fire profesjonelle sceneproduksjonar
Arbeidsoppgaver
Ved Nynorsk scenespråksenter får du ei innføring i nynorsk språkhistorie og grammatikk. I tillegg lærer du metoden for dialektovergang, som går over seks trinn. Undervisinga er ein miks av teori og praktiske øvingar, og du får arbeide med scenetekstar i form av både monologar og dialogar, samt jobbe med regissør.
Kva lærer du?
-
Du får ei innføring i nynorsk
-
Du lærer å bruke nynorsk scenespråk levande og truverdig
-
Du lærer metode for dialektovergang, som kan brukast på alle dialekter
-
Du blir ein ressurs for oppdragsgjevarar og andre skodespelarar i møte med nynorsk tekst og scenespråk
Vi tilbyr
-
Ein kompetanse det er bruk for i bransjen
-
Betalt etterutdanning i 14 veker
-
Fri bustad
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Teater Vestland As, Nynorsk scenespråksenter orgnr: 972191795 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Nynorsk scenespråksenter er ei avdeling under Teater Vestland. Vi tilbyr ei 14 veker lang etterutdanning for skodespelarar som ønsker kunnskap om nynorsk språk i skrift og tale og dialektovergang til nynorsknære dialekter. Etterutdanninga er solid fagleg forankra, og det er høg kvalitet på lærekreftene som til ei kvar tid underviser. |
Webside | https://www.nynorskscenespraksenter.no/ |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Underholdning, scene og teater |
Sted | FØRDE (Adresse: Storehagen 10 Postnr: 6800) |
Stillingstype | Prosjekt Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 10-02-2025 |
Søknadsfrist | 03-11-2024 |