Job Description

Published 05-01-2025
Deadline: 19-01-2025

 

Bemanningseininga har ledig fast stilling som

Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg. Dette er arbeidsplassen for deg som ønsker høg grad av fagleg utvikling og likar varierte oppgåver.

Tenesteområda er institusjon, avlastningseininga, heimetenester, bu- og miljøteneste og butiltak psykisk helse. Som tilsett i Bemanningseininga vil du arbeide i 3 ulike einingar.

Vi har ledig:

100% fast stilling som sjukepleiar eller helsefagarbeidar

Arbeidsoppgåver:

  • dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
  • fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
  • legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
  • sikre journalføring i fagprogrammet CosDoc

Krav til søkar: 

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • godkjent politiattest
  • gode IKT kunnskapar
  • førarkort klasse B

Vi søker deg som:

  • har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
  • trivast å arbeide sjølvstendig og i team
  • er ein god lagspelar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er fleksibel, stabil og endringsvillig
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert
  • er pådrivar til å yte god kvalitet av tenestene og har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis

Vi kan tilby: 

  • engasjerte kollegar og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fagleg fokus
  • varierte og spanande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tillegg på kr 20.000,- for å jobbe i Bemanningseininga

 

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Bemanningseininga orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FØRDE (Adresse: Hafstadvegen 42 Postnr: 6802)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2f5cd8d0-79d3-44a9-8abb-2c081f996355
IMPORTAPI