Barneverntenesta søker etter – Sunnfjord kommune Helse- og sosial

Education Ledere av omsorgstjenetser for barn

(2 days ago)

  •  Post Date: 11. December 2024
  •  Expire date: 2. January 2025
Job Description

Published 11-12-2024
Deadline: 02-01-2025

 

Barneverntenesta søker etter

Sunnfjord kommune ligg midt i mellom Bergen og Ålesund. Kommunen har ca. 22 400 innbyggarar, og vart ein kommune i 2020 etter samanslåing av fire kommunar. Sunnfjord kommune har nyleg vedteke førebyggande plan for barn og unge, der kommunen har vedteke felles samhandlingsmodell for tenestene til barn og unge i Sunnfjord kommune.

Barneverntenesta har ei moderne organisering med fire faglege team, med eigne teamleiarar inkludert familieteam (tiltaksteam). Det er ca. 28 årsverk i eininga. Einingsleiar har ansvar for den totale drifta av barnevernet, som inneber ansvar for personal, økonomi og fag.

Vi søkjer no etter:Einingsleiar i 100 % fast stilling, ledig frå 19.05.2025.

 

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

  • leie og utvikle barnevernstenesta i tråd med lovverk og nasjonale føringar
  • personalansvar, økonomistyring og fagleg ansvar for barnevernstenesta
  • ansvar for forbetrings- og kvalitetsutvikling i tenesta
  • pådrivar for godt samarbeid internt i organisasjonen og med eksterne samarbeidspartar
  • organisere og støtte dei fire faglege teamleiarane
  • samarbeide med andre kommunale tenester og eksterne aktørar for å sikre heilskaplege tilbod for barn og unge
  • bidra til utvikling og effektivisering av barnevernet i samsvar med vedtekne mål og modellar

 

Kvalifikasjonar:

  • bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
  • villig til å starte og fullføre delmasterutdanning innan 2031, dersom du ikkje har slik utdanning frå før
  • leiarerfaring, helst frå barnevern eller liknande felt
  • fagleg sterk med god kjennskap til barnevernlova og utfordringar innan barnevernet
  • gode samarbeidsevner og er oppteken av tverrfagleg samarbeid
  • evne til å inspirere og engasjere, og samtidig vere tydeleg og ha god gjennomføringsevne
  • evne til å vurdere, prioritere og ta avgjerder i komplekse situasjonar

 

Ønskeleg med:

  • masterutdanning i barnevern, jfr nye krav til utdanning som vil gjelde frå og med 2031
  • barnevernleiarutdanning
  • erfaring innan økonomi og budsjettansvar

Vi tilbyr:

  • ei spennande leiarstilling med ansvar og påverknad i ein kommune med høge ambisjonar for barn og unge
  • einingsleiar og teamleiarane utgjer eit aktivt leiarteam som gir god støtte til utviklingsarbeidet
  • moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar

Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Helse- og sosial orgnr: 983803512
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av omsorgstjenetser for barn
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e859ed2f-1c61-4121-b8ef-4df1d82cd6ad
IMPORTAPI