Barnevernskonsulent/familierettleiar – Samnanger kommune
Health and social care Rådgivere innen sosiale fagfelt(4 days ago)
Job Description
Published 26-11-2024
Deadline: 19-12-2024
Barnevernskonsulent/familierettleiar
Samnanger barnevernteneste er ein av dei minste i regionen – men me har store visjonar og treng deg med på laget! Stillinga passar for deg som vil arbeide heilskapeleg og trivs både med sakshandsaming og direkte tiltaksarbeid.
For å gje barn, ungdom og familiar støtte når dei treng det, jobbar me saman som eit team i Samnanger kommune. Me har stort fokus på kvalitet i alle avgjersler me tek. Brukarmedverknad og samhandling på tvers av einingar er høgt prioritert. Me er ein del av “laget til barnet”.
Arbeidsoppgåver
Som barnevernkonsulent og familierettleiar vil du arbeide både med barneverntenesta sine kjerneoppgåver, og førebyggjande arbeid i Samnangerhjelpa – eit kraftsenter! Samnangerhjelpa er under etablering og her vil du få ein sentral rolle saman med fleire andre fagpersonar i kommunen.
Dette kan mellom anna innebere:
- Sakshandsaming etter barnevernslova
- Arbeid med undersøkingar og tiltak i og utanfor heimen, fosterheim og institusjon
- Utgreiing av barn sin omsorgssituasjon, saksframstilling og vere kommunen sin part i sakar som vert fremma for Barneverns- og helsenemnda
- Samtaler med barn/unge og deira føresette
- Tiltaksarbeid direkte mot barn eller familiar
- Ha rettleiingsgrupper
- Godkjenning og rettleiing av besøksheimar og fritidskontakter
- Førebyggjande barnevernsarbeid saman med andre tenester i Samangerhjelpa
- Noko reiseverksemd og ettermiddagsarbeid må påreknast i stillinga. Dette kan også gjelde reise med fly til andre deler av landet.
Kvalifikasjonar
Krav
- Stillinga krev fortrinnsvis bestått bachelorgrad i sosialt arbeid, sosionom eller barnevernspedagog
- Søkjar med anna relevant høgskuleutdanning på bachelornivå kan vurderast dersom ein har relevant erfaring frå arbeid med målgruppa
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne
- Krav om framvist politiattest
- Førerkort og disponering av bil er naudsynt
Ønskjer
- Relevant videreutdanning er ein fordel
- COS, EFT, Marte Meo eller anna rettleiingskompetanse
- Erfaring frå kommunal barnevernsteneste vil bli vektlagt
- Evne til systematisk og effektivt arbeid blir vektlagt
- Evne og vilje til fleksibilitet
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Ha evne til møte alle med openheit, audmjukheit og respekt
- Ha gode samarbeidsevner
- Ha god evne til fagleg refleksjon
- Ha god arbeidskapasitet
- Tole å arbeide under press med korte tidsfristar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ha evne til å jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Det er ein føresetnad at du har forståing for barns medverknad og dokumentasjonskravet som ligg i stillinga
Me tilbyr
- Arbeid i team
- Direktekontakt med barn, unge og deira familiar
- Å være viktig i nokon sitt liv
- Å bidra til å beskytte barn og unge i samfunnet
- Å få jobbe i eit barnevern som er involvert i fleire spennande utviklingsprosjekt
- Fagleg utvikling i eit kompetent, engasjert og godt arbeidsmiljø
- Varierte og kjekke arbeidsoppgåver
- Ein variert arbeidskvardag med spennande utfordringar
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing i rettleiingsmetodikk
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Samnanger kommune orgnr: 987540036 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare. Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenestetr tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv. Barneverntenesta består av tre årsverk og har eigen einingsleiar. Me er lokalisert saman med andre tenester i eining for livsmestring og har kontoret på kommunehuset i Tysse. Vi har stort fokus på fagleg kvalitet og samhandling med dei andre tenestene i kommunen.
|
Webside | https://www.samnanger.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Rådgivere innen sosiale fagfelt |
Sted | TYSSE (Adresse: Tyssevegen 217 Postnr: 5650) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 19-12-2024 |