Job Description
Published 22-10-2024
Deadline: 06-11-2024
Barnehagelærar
Vil du vere med på laget i Syverplassen barnehage?
Ein av våre dyktige pedagogiske leiarar skal slutte, og vii har frå 1 januar 2025 ledig ei 100 prosent fast stilling som barnehagelærar/pedagogisk leiar.
Syverplassen barnehage er ein godt etablert barnehage i sentrum av tettstaden Hareid. Barnehagen er under ombygging for å lage plass til fleire barn, til saman 70, og betre arbeidstilhøve for dei tilsette. Barnehagen er kjend for godt arbeidsmiljø. Dei kommunale barnehagane er også blant dei tenestene innbyggarane våre er mest nøgde med.
Arbeidsoppgåver
- Saman med ein annan pedagogisk leiar, vil du vil få ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Du skal legge til rette for ein inkluderande barnehagedag med glede, språk og leik
- Du vil vere med og arbeide for at det blir eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
Du har
- godkjend barnehagelærarutdanning
- anna godkjend utdanning
- gjerne vidareutdanning i småbarnspedagogikk eller interesse for dette
Personlege eigenskapar
- vi søkjer deg som har god oversikt over arbeidet ditt og kan handtere fleire oppgåver samtidig
- boblar av glede og humor i lag med barna
- er til stade for barna og er engasjert i leiken deira
- du må vere fleksibel og takle ein hektisk kvardag
- er løysingsorientert og ser moglegheiter
Dette inneber at du forstår at å leike, er jobben til barna og at du kan støtte dei i kvardagsaktivitetar med å lage mat i leikekjøkkenet, rulle i bakken,
sparke ball og gå turar i skog og fjøre. Viss du i tillegg til dette likar å vere ute i vind, regn, snø og sol, då ønsker vi deg velkomen på laget vårt!
Vi legg vekt på er at du er positiv og samarbeider godt med andre, og er godt skikka til jobben.
Vi tilbyr
- ein god arbeidsfellesskap med profesjonelle og hjartegode leikarar som er opptekne av relasjonen mellom barn og vaksne
- løn etter gjeldande avtalar
Vi krev at du leverer godkjend politiattest av ny dato før du kan starte i arbeid.
Kontaktinformasjon
Mariann Båtnes, Rådgjevar, +47 90071242
Arbeidsstad
Plassane 7
6060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur
Referansenr.: 4874128176
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.01.2025
Søknadsfrist: 06.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sektor for læring og kultur orgnr: 980943488 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
GODE TENESTER – GLADE TILSETTE Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. Inkludering og mangfald er ein styrke. VI oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25. Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav. Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga. |
Webside | http://www.hareid.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Førskolelærer |
Sted | HAREID (Adresse: Plassane 7 Postnr: 6060) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-01-2025 |
Søknadsfrist | 06-11-2024 |