Barnehagelærar og tilretteleggingsressurs – Oppvekst – Bjørketeigen barnehage
Education Barnehagelærer(1 day ago)
Job Description
Published 03-12-2024
Deadline: 18-12-2024
Barnehagelærar og tilretteleggingsressurs
Bjørketeigen barnehage har behov for engasjerte og trygge vaksne til barnegruppe og enkeltbarn.
- Frå snarast og fram til 31.07.2025 er det ledig 60 % engasjement som tilretteleggingsressurs til enkeltbarn.
- Frå 1. januar fram til 31.07.2025 er det ledig 100 % vikariat som barnehagelærar. Det kan verta moglegheit med forlenging.
Bjørketeigen barnehage ligg nær naturen og har fleire lavoar i skogen som ofte vert nytta. Leikeområde er planlagt rusta opp og personale har fått ny og funksjonell personalavdeling. Barnehagen har 6 avdelingar med 83 barn og ei engasjert personalgruppe.
Me vil gjerne ha deg på laget vårt!
Arbeidsoppgåver
- Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
- Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik
- Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
- Skapa ein god barnehagekvardag for alle
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
- Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
- Rettleia, involvera og motivera
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
- Delta i leiarteamet i barnehagen og bidra til pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
- Nært samarbeid med spesialpedagog i barnehagen
Kvalifikasjonar
Barnehagelærarstillinga:
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
- Andre med relevant utdanning og/eller erfaring frå arbeid i barnehage kan søkja
Tilretteleggingsressursstillinga:
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Andre med relevant utdanning eller interesse om å arbeida i barnehage kan søkja
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Jf. barnehageloven §27 må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter ved å ha:
– gjennomført og bestått opplæring i norsk på vidaregående skule
– bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta
– bestått eksamen fra 1-årig høgskulestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
– bestått test i norsk – Høgare nivå (Bergenstesten), eller ha avlagt norskprøve og oppnådd nivå B2 på delprøvene i skriftleg framstilling, leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Ha eit positivt barnesyn
- Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
- Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
- Samarbeida godt med andre
- Gode kommunikasjonsevner
Me tilbyr
- Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling
- Rettleiing til nyutdanna dei to første åra
- Betalt for godkjent og relevant 4 årig utdanning
- Inntil kr. 24.000 for relevant vidareutdanning
- Støtte til relevant vidareutdanning
- Arbeidskle
- Godt og fagleg arbeidsmiljø
- Nye barnehagebygg
- Varierte arbeidsdagar
- Delta i vår satsing Sjå barnet innanfrå med utgangspunkt i COS (circle of security)
- Opplæring i BTI (betre tverrfagleg innsats)
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Ann-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755
Arbeidsstad
Vavollen 137
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 4890620565
Stillingsprosent: 60, 100%
Engasjement, Vikar
Søknadsfrist: 18.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Oppvekst – Bjørketeigen barnehage orgnr: 925481041 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Oppdag Kvam – framtida er her! Naturopplevingar og aktivitetar Ein kommune for framtida Eit variert næringsliv Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir |
Webside | http://www.kvam.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehagelærer |
Sted | ØYSTESE (Adresse: Vavollen 137 Postnr: 5610) |
Stillingstype | Annet Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 18-12-2024 |