Barnehagelærar – Hå kommune Vibereiret barnehage

Education Barnehagelærer

(3 days ago)

  • NÆRBØ
  •  Post Date: 19. March 2025
  •  Expire date: 3. April 2025
Job Description

Published 19-03-2025
Deadline: 03-04-2025

Barnehagelærar

Vibereiret barnehage har ledig 40% vikariat som barnehagelærar frå 14.08.25 – 14.08.26. Me søkjer først og fremst etter utdanna barnehagelærar, men andre med anna relevant høgskuleutdanning og/eller erfaring kan òg verta vurdert.

Me legg stor vekt på dei vaksne si rolle i barnehagen og etablering av gode relasjonar mellom barna, og barn og personale. Tryggleik frå første stund og gode venskap i barnegruppa. Me har ein spennande kvardag med stort språkleg mangfald i barnegruppa, og har eit sterkt fokus på inkludering og god kommunikasjon. Har du lyst til å arbeide i eit leiarteam som bygger vidare på dette, og som ivrer etter ein barnehage av høg kvalitet, er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss.

Me søkjer
Medarbeidar som er klar for nye og spennande utfordringar, og som:
– kan vera med og leie personalet og har ein god samarbeids- og gjennomføringsevne
– bidreg til at barnehagen er ein lærande organisasjon
– trivast saman med barn og føresette
– har fokus på å skape inkluderande fellesskap for barna
– bidreg fagleg i barnehagen sitt leiarteam
– har godt humør og pågangsmot

Kvalifikasjoner
– godkjent barnehagelærarutdanning, eventuelt anna relevant høgskuleutdanning
– gode språkferdigheiter i norsk, både skrivleg og munnleg
– behersker relevante dataverktøy
– personlege eigenskaper og erfaring vektleggast

For tilsetjing i barnehage må personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk ha avlagt ei norskprøve og oppnådd nivå A2 på delprøven i skrivleg framstilling, og nivå B1 på delprøvene i lese-/lytteforståing og munnleg kommunikasjon, jf. Det felles europeiske rammeverket for språk.

Me tilbyr
– eit godt og sterkt fagmiljø
– rause og engasjerte kollegaer med god fagleg kompetanse
– fagleg oppfølging frå Hå kommune i form av lærande nettverk og rettleiing for nyutdanna
– moglegheit for etter- og vidareutdanning
– gode pensjons- og forsikringsordningar med ulukkesforsikring på fritida
– løn etter Hå kommune sine løns- og stillingsregulativ

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hå kommune Vibereiret barnehage orgnr: 975268330
Kort om arbeidsgiver Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er “Me løfter i lag”. Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Tilgjengelighetserklæring

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted NÆRBØ (Adresse: Lyngvegen 12 Postnr: 4365)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7abca305-f990-4223-829e-ff3251e97798
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31