Barnehagelærar 100 %fast stilling – Modalen kommune

Education Førskolelærer

(1 week ago)

  • MODALEN
  •  Post Date: 25. June 2024
  •  Expire date: 4. August 2024
Job Description

Published 25-06-2024
Deadline: 04-08-2024

 

Barnehagelærar 100 %fast stilling

Velkomen til Modalen barnehage!

 

Barna i Modalen barnehage er stolte over barnehagen sin og ønskjer nye kvardagsheltar velkomne. 

Er Modalen barnehage best? Ja, meiner barna! Sjå sjølv då vel!

Om stillinga

Som barnehagelærar i Modalen barnehage får du god oversikt og tett kontakt med borna. Me er ein liten 2 avdelingsbarnehage med bemanningsnorm 5 barn per tilsett. Høgare pedagognorm enn nasjonalt. Me ligg fint til  i nær tilknyting til skog og natur. Me har fokus på språk, tegn-til-tale, humor og glede. 

Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Pedagogisk utvikling i barnehagen
  • Planlegging, gjennomføring, evaluering og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet. 
  • Bidra til Ã¥ skapa, leikande, meiningsfylte dagar saman med barna i barnehagen 
  • Godt foreldresamarbeid
  • Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø med bÃ¥de barn og voksne 
  • Samarbeid med ulike instansar 
  • Digital dugleik med og uten barn.

Kvalifikasjonskrav

  • Barnehagelærarutdanning 
  • Gyldig politiattest, jamfør Lov om Barnehagelova §30 
  • Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

VÃ¥re ynskje om deg

  • Ein hjartevarm og inkluderande voksen som alltid har barna i fokus
  • Ein tydeleg og god rollemodell 
  • Nysgjerrig, engasjert,fleksibel og positiv 
  • PÃ¥litelig,robust og god arbeidskapasitet/ har helse som eignar seg til Ã¥ jobbe i barnehagen
  • Oppteken av kvalitet og fagleg utvikling.

Me tilbyr

Vil du jobbe på ein spanade arbeidsplass med moglegheit til å påverke og utvikla den pedagogiske verksemda? Då er dette jobben for deg! 

Me tilbyr:

  • Moglegheit for pedagogisk leiarstilling (tillegg pÃ¥ kr 30 000,-) 
  • Garantiløn tilsvarande 8 Ã¥r ansiennitet
  • Tilsetjing og lønn etter gjeldande avtaleverk og lover
  • Nedbetaling av studielÃ¥n inntil 20 000,- pÃ¥ Ã¥r for full stilling i inntil 5 Ã¥r
  • 6 timar planleggingstid 
  • Opplæring til stillinga og rettleiing for nyutdanna
  • Motiverte og engasjerte kollegaer med fokus pÃ¥ arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgÃ¥ver med faglege utfordringar 
  • Tilretteleggjing for vidareutdanning 
  • Gode seniortiltak 
  • God pensjonsordning i KLP og IA-avtale.

Modalen kommune jobbar for å ha ein høgare pedagognorm enn nasjonalt og ein høgare grunnbemanning med 5 born per tilsett.

Mannlege søkjarar vert spesielt oppfordra til å søkja. 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort (Off.lova §25). 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Modalen kommune orgnr: 987765240
Kort om arbeidsgiver

Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen. Modalen er ein liten kommune med stor kraft. I september 2021 segla Modalen heilt til topps som Noregs mest opne kommune! Dersom dykk er 2 eller fleire som vurderer Modalen som arbeidsplass, ta gjerne kontakt med vår samarbeidspartnar Uni Micro AS på www.unimicro.no for evt. ledige stillingar. 
 

Modalen barnehage er ein liten og oversiktleg nærmiljø-barnehage, der alle lett vert inkludert.

Barnehagen har to avdelingar, ein småbarnsavdeling og ein 3-6 årsavdeling. Barnehagen ligg flott til midt i dalen, med vakker skog som næraste nabo. Barn og vaksne er mykje ute, både på barnehagen sitt uteområde, og på turar i nærmiljø. Me disponerer bil med 9 -seter slik at me kan reise rundt på besøk til skulen, aldersheim, sentrum og andre stader. Me er opptekne av å møte barnet der det er, og legg vekt på at barna vert trygge på seg sjølv og sitt møte med omverda. Vaksne er trygge, rause, anerkjennande og engasjerte i møte med barnet. I Modalen barnehage arbeider me for at barna sitt beste blir ivaretatt, og at personalet har god dialog med foreldre og barn. Me legg til rette for ein variert, aktiv og trygg kvardag gjennom leik, læring, samhold, latter og humor. 

 

Webside https://www.modalen.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted MODALEN (Adresse: Mo 3 Postnr: 5729)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/49c3a805-e170-4f99-9031-919d88438a9e
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/265076