Barne- og ungdomsarbeidar, vikariat, 100% stilling ved Åseral barne- og ungdomsskule – Åseral kommune
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(7 days ago)
Job Description
Published 16-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Barne- og ungdomsarbeidar, vikariat, 100% stilling ved Åseral barne- og ungdomsskule
Frå og med nå og for skuleåret 2025/2026 vert det ledig vikariat i full stilling
som barne- og ungdomsarbeidar ved Åseral barne- og ungdomsskule.
“Vi kan, vi vil og då kan vi få det til” er mottoet vårt.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, der det å arbeide saman mot felles mål er viktig for oss.
Åseral barne- og ungdomsskule er ein skule med ca 110 elevar.
Skulen ligg vakkert til i Kyrkjebygda i Åseral kommune. Ved skulen ligg
kunstgrasbane, friidrettsbane og fleirbrukshall som er mykje nytta. Skulen har
også fått dekkjungel og sykkelbane. I tillegg har vi naturen rundt med eit
nyrenovert uteområde som vi prøver å nytte så godt som råd er.
Arbeidsoppgaver
Som barn- og ungdomssarbeidar ved skulen vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåvene, det kan mellom anna innebere:
- Oppfølging og veiledning kring enkeltelevar
- Vere ein ressurs for tilrettelegging for læring i klasserommet
- Veiledning i friminutt
- Arbeid på skulefritidsordninga
Kvalifikasjoner
Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse.
Det må leggjast fram godkjend politiattest før tilsetjing.
Personlige egenskaper
- Har evne til å skape gode relasjonar til både elevar og andre tilsette
- Har evne til å leie tydeleg, strukturert, forutsigbart og sette tydelege grenser
- Er fleksibel og har endringskompetanse
- Har stor fagleg kompetanse og stort engasjement
- Har erfaring innan arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lover og tariffar
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
- Rettleiing for nyutdanna
- Hjelpe til med å skaffe bustad
- Barnehageplass
- Gratis SFO
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Ellen Ubostad Haaland, HR ansvarlig, +47 90045127
Arbeidssted
Ljoslandsvegen 9
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 4896065540
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Åseral kommune orgnr: 988431389 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé. I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner. |
Webside | http://www.aseral.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | ÅSERAL (Adresse: Ljoslandsvegen 9 Postnr: 4540) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 06-01-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |