Job Description

Published 10-10-2024
Deadline: 25-10-2024

 

Barne- og ungdomsarbeidar

Vil du jobbe hos oss? Vi har nå ledig ei 100% fast stilling i Tennfjord barnehage som barne- og ungdomsarbeidar.

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som blir nytta gjennom heile året. Barnehagen har 74 barn og 22 tilsette, fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.

I barnehagen vår spelar vi kvarandre gode og søker deg som er aktiv, leiken, fagleg, engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ynskjer å bidra til å gi barn ein god oppvekst? Da ynskjer vi akkurat deg som vår nye kollega.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.

Arbeidsoppgåver

  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
  • Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid
  • Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
  • Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglende utdanning.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
  • Levere godkjent politiattest av nyare dato.
  • Jobbe i tråd med barnehagelova.
  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova § 18b.
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
  • Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen
  • Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
  • Halde seg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
  • Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Vere bidragsytar på personalmøter og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
  • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
  • Vere ein god rollemodell vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø 

 Personlege eigenskaper og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 18
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4870395325
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 11.11.2024
Søknadsfrist: 18.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tennfjord barnehage, Haram kommune orgnr: 983952852
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted TENNFJORD (Adresse: Trolldalssletta 18 Postnr: 6264)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 11-11-2024
Søknadsfrist 25-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5f6588bd-510a-42b2-a782-e9787b7deb67
IMPORTAPI