Job Description

Published 24-09-2024
Deadline: 15-10-2024

 

Barne- og ungdomsarbeidar i Kjølsdalen Montessoribarnehage

Vi søker etter fagarbeidar/barnehageassistent frå 01. november 2024. Barnehagen vår ligg fritt og landleg til i bygda Kjølsdalen i Stad kommune, nært både Måløy og Nordfjordeid. Barnehagen har 38 barnehageplassar fordelt på 2 avdelinger og driv etter pedagogikken til Maria Montessori.

Hva vi ser etter

• Du er trygg, viser omsorg og er ein god rollemodell.

• Du har evne til å sjå enkeltbarnet og møte hen med respekt.

• Du meistrer å arbeide med større barnegrupper.

• Du er ein aktiv deltakar i møte med barn, føresette og personalgruppa.

• Du tek initiativ og medansvar i kvalitetsarbeidet i barnehagen.

• Du evner å arbeide sjølvstendig, samt å samarbeide.

Arbeidsoppgaver

• Arbeide i tråd med rammeplanen for barnehagar

• Bidra til eit godt samarbeid med personalgruppa, barna og føresette.

• Vere tilstede for barna, samt skape trygge og forutsigbare dagar for dei.

• Assistere og støtte arbeidet på avdeling

Vi tilbyr

• Barnehage med god bemanning og pedagogtetthet

• Gode lønns- og pensjonsordning etter PBL tariff

• Variert arbeidsdag med mykje uteaktivitet

• Ein arbeidsplass som arbeidar aktivt med kompetanseheving

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kjølsdalen Montessoribarnehage Sa orgnr: 973730894
Kort om arbeidsgiver

Barnehagen vår ligg fritt og landleg til i bygda Kjølsdalen i Stad kommune,ca 30 minutt til Måløy og 20 minutt til Nordfjordeid.

Barnehagen har 38 barnehageplassar fordelt på 2 avdelinger. Rundt oss har vi eit flott nærområde med skog og natur som vi nyttar aktivt. Vi driv etter montessoripedagogikken, og er på utkikk etter tilsette som viser interesse for å sette seg inn i denne pedagogikken og jobbe etter dei prinsippa. Samlokaliseringa med Kjølsdalen Montessoriskule gjev oss moglegheiter for eit unikt samarbeid på kryss av dei tradisjonelle skilja mellom barnehage og skule, noko som kjem både barn og vaksne til gode. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål rundt stillinga. Er du nysgjerrig på korleis vi har det er du velkommen til å besøke oss.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted KJØLSDALEN (Adresse: Daltunvegen 19 Postnr: 6776)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0446926e-0477-489b-8793-dd5cddbd4854
Stillingsregistrering