Barne- og ungdomsarbeidar, i inntil 100% vikariat – Gulen kommune
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(2 weeks ago)
Job Description
Published 29-10-2024
Deadline: 17-11-2024
Barne- og ungdomsarbeidar, i inntil 100% vikariat
Om stillinga
Dagsturhytta er flittig brukt av Eivindvik barnehage og skule, og turen frå barnehagen til Gulakvila er ein læringsarena for barnehagebarne. Eininga er oppteken av, og flinke til å nytte seg av, naturen og elles nærområdet i sitt pedagogiske arbeid .
Eivindvik barnehage og skule, avdeling barnehage har ledig i inntil 100% vikariatstilling som barne- og ungdomsarbeidar frå snarast til 31.12.2024, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert
- Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 914309506 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon. |
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-11-2024 |