Job Description

Published 28-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Barne- og ungdomsarbeidar

Søvik barnehage har eit ledig vikariat for barne- og ungdomsarbeidar. Vi søker etter deg som er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søke. 

Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnadar, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten. Det er ønskelig at vår nye kollega er komfortabel og trygg på båtliv, men ikkje noko krav.  

Vi søker etter deg som er aktiv, leiken og engasjert og som bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine.  Du er engasjert og omsorgsfull, og ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.  Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Høyres dette kjend ut, ønsker vi kontakt med deg og håper du vil søke på stillinga.

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.
 
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn 
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings – og danningsmiljøet i barnegruppa 
  • Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe 
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
  • Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid
  • Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet 
  • Gjennomføre systematisk observasjon som grunnla for planlegging og gjennomføring av aktivitetar 
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt 
  • Gi nødvendig informasjon og rettleiing til vikarar og nytilsette 
  • Delta på kurs og opplæring som vert tilbydd gjennom barnehagen 
  • Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar 
  • Melde avvik og komme med forslag til forbetring t.d i compilo 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, ellar annan relevant utdanning/erfaring.
  • Søkaren må videre; jobbe i tråd med barnehagelova, herunder følgje opplysningsplikta til barnevernet, jf § 22, teieplikta etter § 20, og avvergeplikta etter straffelova § 196. 
  • Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav ihht barnehagelova § 27 

Personlege eigenskapar

  • Vere løysningsorientert, fleksibel og open for endring 
  • Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen  
  • Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet 
  • Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping 
  • Vere bidragsytar på personalmøter og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs 
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov 
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus 
  • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar 
  • Vere ein god rollemodell 
  • Vere ein inkluderande medarbeider og bidra til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Eit fagleg miljø 
  • Godt arbeidsmiljø 
  • Fin beliggenhet, nær sjø, skog og skule. 
  • Eige naust med båt. 
  • Lønn etter gjeldande tariff 
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Martine Volstad, Barnehagestyrer, 91319181, Martine.volstad@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Plassen 19
6280 Søvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4888792159
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling Søvik barnehage, Haram kommune orgnr: 975310590
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted SØVIK (Adresse: Plassen 19 Postnr: 6280)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-12-2024
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/69df7633-6990-4568-8a76-8fc6c4c22d26
IMPORTAPI