Barne- og ungdomsarbeidar/assistent – Tysnes kommune
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(7 days ago)
Job Description
Published 25-11-2024
Deadline: 12-12-2024
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Vil du vere med å utvikle barnehagen vår?
Me søkjer etter kollegaer som evnar å skape gode relasjonar og trygg tilknytning til barna, og tillit og tilhøyre blant barn og vaksne. Du må vere oppteken av å gje barna positiv merksemd og oppmuntring, og sjå deira styrke som ein moglegheit. Vår nye kollega må kunne lytte, vere open og inkluderande i kommunikasjon med barn, kollegaer og foreldre. I samspel med kollegaer må du bidra til eit positivt miljø for alle.
Me tilbyr eit aktiv arbeidsmiljø med fagleg engasjerte og dyktige kollegaer. Heile personalgruppa bidreg til å skape gode arenaer for leik, læring, glede og tryggleik, og vårt mål er å jobbe etter visjonen vår: glade vaksne – glade barn!
For tida har me ledig tre stillingar, ein 100% fast, ein 20% fast og eit 20% vikariat ut juli 2025, (dei to på 20% bør kombinerast) som barne- og ungdomsarbeider i Tysnes kommune, Stjernereiso barnehage. Tiltreding 01.12.24 eller etter nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg til det enkelte barn og barnegruppa
- Vise initiativ med barna og utføre dagelge rutinar
- Planleggja, gjennomføra og evaluera barnehagen sine aktivitetar
- Gjennom eigeninnsats bidra til at arbeidsoppgåvene blir løyst på best måte
- Bidra til godt foreldresamarbeid
- Halde deg fagleg oppdatert og dele erfaringar med kollegaer
- Aktiv deltakar i team og kollegasamarbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Assistent med bred erfaring frå barnehage kan også vurderast for stillinga
- Erfaring frå barnehage er ønskjeleg
- Grunnleggande forståing for og evne til å bruke IKT som verktøy
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar
- Trygg, varm og omsorgsfull vaksen som set grenser
- Evnar å ta barneperspektivet, legge til rette for og deltek i barn sin leik og utvikling
- Har gode evner til å samarbeide og søke ei felles forståing
- Fagleg engasjert og oppteken av utvikling
- Fleksibilitet, positiv og initiativrik
- Sjølvstendig og strukturert med evne til å gjennomføre
Me tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %, vikariat
- Faglege utfordringar i eit spanande og positivt arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Gode pensjonsordningar gjennom SPK
- Løn etter kommunalt regulativ
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging
- Den som vert tilsett må levera gyldig politiattest, jf. barnehageloven § 30
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Kontaktinformasjon
Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehage, +47 95 74 83 74
Arbeidsstad
Rådhuset
5685 UGGDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommune
Referansenr.: 4883157584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tysnes kommune orgnr: 973942441 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes! Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i! Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i. Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby. Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv. Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største. Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim. |
Webside | http://www.tysnes.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | UGGDAL (Adresse: Rådhuset Postnr: 5685) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-12-2024 |