Barne- og ungdomsarbeidar/assistent – 2×100% og 1×89%vikariat – Alver kommune
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(1 day ago)
Job Description
Published 12-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent – 2×100% og 1×89%vikariat
Om stillinga
Ved Knarvik ungdomsskule er det i perioden 01.01.2025 – 31.07.2025 ledig 3 stillingar som pedagogisk medarbeidar/fagarbeidar.
Skulen har også bruk for ringevikarar som kan tiltre på kort varsel.
Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har om lag 400 elevar og 50 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Skulen er ein MOT skule.
Arbeidsoppgåver
Stillingane vil ha som hovudoppgåve å følgja opp elevar med særskilde behov, både i skulearbeid, i friminutt og før/etter skuletid. Dei tilsette skal hjelpa elevar med å få ei god sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samspel og leik. De skal rettleia elevar til å ta ansvar for sine eigne liv og vere ein god rollemodell for ungdomen. Nokre helsefaglege oppgåver må påreknast. Det er også knytt tilsynsoppgåve i skulefrie periodar til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
Kompetanse
Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men relevant erfaring vil kunne kompensere for manglande formell utdanning.
Ønskt kompetanse
Vi ønskjer medarbeidarar som kan vere den trygge vaksne som toler og rommar eleven si åtferd, og som evnar å sjå heile ungdomen bak. Dei som vert tilsett må kunne visa sjølvstende, vera løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne.
Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.
Vi tilbyr
Ein dynamisk arbeidsplass med dyktige og rause medarbeidarar, og flott og ivrig ungdom. Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. God pensjonsordning i KLP.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 25 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |