Job Description

Published 24-06-2024
Deadline: Unknown

 

Barne- og ungdomsarbeidar, 200% vikariat/mellombels 

Om stillingane  

Brekke barnehage og skule har ledig: 

1. 100% vikariat for barnehageåret 2024/2025

2. 100% vikariat/mellombels stilling frå etter avtale – 12.08.2025

Stillingane er tenkt knytt til avdeling barnehage, men stilling 2 vil verte kombinert med arbeid på SFO. Det kan verte mogleg med omgjering av delar av stilling til fast, og forlenging av delar av stillingane. 

Brekke barnehage og skule består av 1- 10- skule ogto  barnehageavdelingar. Barnehagen held til i nybygde lokale. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb. 

Barnehagane i Gulen har: 

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar – ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø  
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar

  • Medverke til at barnehagen, SFO og skulen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn

Kvalifikasjonar 

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert
  • Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Løn etter tariff 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 914309506
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted BREKKE (Adresse: Yndesdalsvegen 2719 Postnr: 5961)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e937c712-6dfc-4425-a96f-e5876eaa6254
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/264963