Job Description
Published 01-02-2025
Deadline: Snarest
Bakeriet i Lom søker bakere
Vi søkjer nå fleire medarbeidarar til sesongen 2025 og er interessert i å høyre frå deg, enten du berre vil arbeide hjå oss i sommar eller kunne tenkje deg eit lengre engasjement.
Kven er du? Vi søkjer deg som har interesse for bakefaget, er glad i god mat og gjerne vil lære meir om handverksbakst vere med oss og utvikle bakeriet vidare.
Hva vi ser etter
-
Du er strukturert, nøyaktig og med fokus på kvalitet
-
Du trivst med eit høgt arbeidstempo og evner å handtere ein hektisk kvardag
-
Du er ein samarbeidsorientert lagspelar og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
-
Du evner å setje både kunden og kvalitet i sentrum
Arbeidsoppgaver
Dine arbeidsoppgåver som baker:
-
Produksjon i bakeriet
-
Fylgje oppskrifter og kvalitetsstandardar for å sikre jamn produksjon
-
Klargjer produkt for sal
-
Oppretthalde ein rein og ryddig arbeidsplass i tråd med våre interne rutiner
Vi ynskjer deg som:
-
Har interesse for bakefaget og er villig til å lære
-
Likar å arbeide i team, men er også sjølvstendig
-
Fleksibel og villig til å kunne arbeide både på dagtid og natt
-
Er ryddig, effektiv og til å stole på
-
Kan kommunisere på norsk og/eller engelsk
Er du interessert? Send oss gjerne ein søknad og CV snarast på bestilling@bakerietilom.no. Hit kan du også sende spørsmål om stillinga eller du kan ringje Lovise på telefon 97731152.
Vi tilbyr
-
Eit godt, internasjonalt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Utviklingsmoglegheiter
-
Vere ein del av Norges mest kjende bakeri!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bakeriet i Lom orgnr: 985836590 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bakeriet i Lom er eit ekte handverksbakeri som byggjer på kunnskap og reine, naturlege råvarer. Bakeriet vart grunnlagt i 2004 av Morten Schakenda, og vi er kjende over heile landet for bakarvarene våre. Vi har vunne fleire prisar for våre gode brød og kaker, og er ein populær stoppestad for både lokalbefolkning og turistar. Hjå oss får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande og internasjonalt miljø med fokus på kvalitet og ekte bakeglede. |
Webside | https://www.bakerietilom.no |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Baker og konditor |
Sted | LOM (Adresse: Sognefjellsveien 7 Postnr: 2686) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-05-2025 |
Søknadsfrist | Snarest |