Badevakt i Stryn symjehall – Stryn Kommune
Security and readiness Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid(1 week ago)
Job Description
Published 13-11-2024
Deadline: 28-11-2024
Badevakt i Stryn symjehall
Stryn symjehall er kommunal symjehall som ligg i Stryn sentrum tilknytt Stryn kulturhus. Symjehallen inneheld symjebasseng, barnebasseng, stupetårn, rutsjebane og sauna. Inngang og billettsal i tilknytning til Stryn kulturhus. Vi har ledige to deltidsstilling for fast tilsetting.
Arbeidsoppgåver
Som badevakt har du ansvar for tilsyn med badegjester i symjehallen samt generelt oppsyn med symjehallen / garderobar. Ansvar for opning og stenging av symjehallen. Arbeid etter arbeidsplan for symjehallen sine opningstider på kveld og helg. Vi har ei ledig to deltidsstillingar, ei på 30% og ei på 8,45%, begge med arbeid for tida 3.kvar helg, laurdag og søndag. Ekstravakter kan bli aktuelt om du er interessert i å jobbe meir i periodar.
Kvalifikasjonar
Den tilsette må vere symjedyktig samt bestå førstehjelpskurs og symjeprøve som blir arrangert av arbeidsgjevar. Bestått Førstehjelpskurs og symjeprøve er obligatorisk for stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein person som er fleksibel og med godt humør. Må vere ansvarleg, kunne jobbe sjølvstendig men også samarbeide med kollegar i teamet.
Vi tilbyr
Løn etter tariff
Gode pensjonsordningar
Arbeid i positivt miljø
Tilsetting etter lover og avtaler
Kontaktinformasjon
Kåre Bruvoll Alme , Kulturhusleiar, 94277853
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4885052219
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stryn Kommune orgnr: 883179862 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn |
Webside | http://stryn.kommune.no/ |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid |
Sted | STRYN (Adresse: Tonningsgata 4 Postnr: 6783) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 28-11-2024 |