Job Description

Published 24-09-2024
Deadline: 04-10-2024

 

Badevakt

Ledig stilling som badevakt/ansvarleg for kiosken i 14,36% fast stilling og badevakt/livbergar 7,18% fast stilling i symjehallen i Fleirbrukshuset.

Symjebassenget i Fleirbrukshuset er ope 26 torsdagar og 20 laurdagar i vinterhalvåret, frå veke 42 til veke 15 kvart år.
Arbeidet er sesongarbeid, tilsetting er fast og på ordinære vilkår i tillegg til eit helgetillegg for å jobbe laurdag på kr. 500,- pr arbeidde vakt.
 
Det er ledig 2 stillingar i bassenget frå 14. oktober 2024:

  1. Badevakt/livbergar i 7,18% stilling. Dette er 13 torsdagar og 10 laurdagar i tidsperioden bassenget er ope.
  2. Badevakt/ansvarleg for kiosken på 14,36% fast stilling. Dette er 26 torsdagar og 20 laurdagar i tidsperioden bassenget er ope.

 Det må vere 2 tilsette på jobb per vakt.

Arbeidsoppgåver

Badevakt/livbergar 7,18%

Badevakt/livbergar må vere god til å symje, og må gjennomføre og bestå livbergingskurset med HLR for å bli fast tilsett. Badevakta/livbergar er ansvarleg for tryggleiken i bassenget, og må vere årvåken og kunne reagere raskt. Det er viktig med god kommunikasjon og den tilsette må kunne kommunisere med kundane på så god norsk at den gjer seg godt forstått.
 
Badevakt/ansvarleg for kiosken 14,36%
Den som jobbar i kiosken må som eit minimum gjennomføre HLR-kurs, men gjerne og livbergingskurs, for å få fast tilsetting. Den som jobbar i kiosken er ansvarleg for billettsal og kor mange som er i bassenget til ein kvar tid og skal hjelpe til i situasjonar der livbergar treng hjelp. Den har og ansvar for å lage enkel mat til kiosken og sal av dette. Det er viktig med god kommunikasjon og den tilsette må kunne kommunisere med kundane på så god norsk at den gjer seg godt forstått.

Kvalifikasjonar

Badevakt/livbergar må vere personleg eigna, god til å symje og trivst i eit hektisk og kreativt miljø. Den må bestå livbergingsprøve med HLR for å bli fast tilsett. Det er krav om å gjennomføre og bestå livbergingsprøve med HLR kvart år før ny badesesong.

Badevakt/kioskansvarleg må vere personleg eigna, god til å symje og trivst i eit hektisk og kreativt miljø. Den må delta på livbergingskurs med HLR kvart år.

Personlege eigenskapar

Vi søker etter serviceinnstilte personar som likar å jobbe med menneske og som tar ansvar for tryggleik og at det er ein hyggeleg stad å vere.

Vi tilbyr

Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
 
Det vert lagt til eit tillegg på kr. 500 per arbeidde laurdag.

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Espelid, Kultursjef, 35048494, anne.espelid@nissedal.kommune.no

Arbeidsstad

Solås 2
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 4863999932
Stillingsprosent: 7,18, 14,36%
Fast
Startdato: 17.10.2024
Søknadsfrist: 04.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for kulturtenester, Nissedal kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Webside https://www.nissedal.kommune.no/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted TREUNGEN (Adresse: Solås 2 Postnr: 3855)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 17-10-2024
Søknadsfrist 04-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c3bac86f-63ec-469c-b1c7-f5ef29dd389a
IMPORTAPI