Job Description

Published 25-09-2024
Deadline: 09-10-2024

 

Avlasting i eigen heim døgn eller timebasert.

Vi har behov for å komme i kontakt med rause familiar eller personar som ønske å hjelpe andre familiar som treng avlasting frå omsorgsoppgåver sine. Du/de har ekstra overskot, omsorg og motivasjon til å ta imot eit besøksbarn ei helg (2 døgn) i månaden +  ei ferieveke pr. år i eigen heim eller med timebasert avlasting utan overnatting

  • Gut 8 år. 2 døgn /md + 5 døgn til ferie 
  • Gut 6 år. 32 timer per månad. Fordelt på 2 avlastar a 16 timer i månaden kvar. Har behov for fysisk aktivitet og faste rammer.

Merk!
I periodar er behovet for godkjente avlastar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige avlastarar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same.

Arbeidsoppgåver

  • Avlastar i eigen heim
  • Individuell tilrettelegging for aktuelt barn
  • Oftast ei helg per månad, i nokre høve i feriar og vekedagar

Kvalifikasjonar

  • Politiattest vert kravd
  • 2 referansar
  • Ein må kunne binda seg til minimum eit år
  • Sertifikat og bil

Personlege eigenskapar

  • De er omsorgsfulle og fleksible samarbeidsevner
  •  Erfaring og kjennskap til barn med særskilte bistandsbehov
  •  De er pålitelege, tolmodige og strukturerte

Vi tilbyr

  • Deltidsstilling
  • Fast tilsetting, løn og godtgjering etter KS sin særavtale SGS 1030
  • Opplæring og oppfølging vil bli gitt.

Kontaktinformasjon

Johanne Helene Grutle Haara, +47 90207778

Arbeidsstad

Olav Hålandsveg 8
4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4864429326
Stillingsprosent: 22,3, 9,8%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Administrasjon miljøtenesta, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted KLEPPE (Adresse: Olav Hålandsveg 8 Postnr: 4351)
Stillingstype Prosjekt Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/96a5386b-e6dc-48e1-8812-e2909eb75929
IMPORTAPI