Job Description

Published 30-06-2024
Deadline: 17-08-2024

 

Avdelingsleiar ved Giske ungdomsskule

Giske ungdomsskule har ledig fast 100 % avdelingsleiarstilling frå snarast.

Bur det ein leiar i deg? Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen si leiargruppe og jobbe med pedagogisk leiing, personalleiing og administrative oppgåver? Leiargruppa har felles ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat. 

I 2021 vart alle ungdomsskuleelevane i kommunen samla på Giske ungdomsskule. Skulen er lokalisert på Valderøya og har ca 350 elevar. Neste skuleår vert det 5 klasser på kvart trinn. 

Leiargruppa er rektor og 3 avdelingsleiarar. Rektor vil fordele arbeidsoppgåvene mellom avdelingsleiarane ut frå kompetanse, erfaring og interessefelt. Undervisningsdelen i stillinga er 50 %, men dette kan endrast ved behov. Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.

Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med med søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Involvere og inkludere elevar, tilsette og foreldre i å utvikle skulen i tråd med sentrale og lokale styringssignal
  • Fagleg og administrativt ansvar i samsvar med tildelte fullmakter, dette inkluderer personalansvar og HMS-ansvar for trinnet
  • Pedagogisk utviklingsarbeid, koordinering av vikarbehov, elev og foreldreundersøkingar, heim-skule arbeid, oppfølging av elevsaker

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
  • Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år – gjerne rektorskulen
  • Relevant undervisningskompetanse – gjerne relevant leiarerfaring
  • Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
  • Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar

Vi tilbyr

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrar
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer

    Giske kommune sine verdiar er: 

  • Kvalitet – gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  • Løsingsvilje – gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  • Engasjement – gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  • Respekt – gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande

 

Kontaktinformasjon

Gry Støbakk Ytterland, einingsleiar / rektor, +47 92652950

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4835131626
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst, Giske kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna.  Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.

 

Webside http://www.giske.kommune.no
Bransje Industri og produksjon
Yrke Matproduksjon og næringsmiddelarbeid
Sted VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a2b6d988-51e2-44e3-a180-3ae093a03aa4
IMPORTAPI