Avdelingsleiar vatn og avløp – Sogndal kommune Vatn og avløp
Construction Arbeidsleder, bygg og anlegg(1 day ago)
Job Description
Published 07-01-2025
Deadline: 02-02-2025
Avdelingsleiar vatn og avløp
No har du moglegheit til å påverke og utvikle framtidas miljøløysingar i Sogndal!
Me i Sogndal kommune ser etter ein dyktig ingeniør med erfaring innan vatn- og avløpsteknikk som vil vere med på å sikre reint vatn og eit berekraftig miljø for bygda vår.
Er det deg me leitar etter?
Kven er du?
-
Du har ingeniørutdanning, gjerne med erfaring frå vatn- og avløpsteknikk.
-
Erfaring med prosjektleiing og gjennomføring av infrastrukturprosjekt
-
Du har eit engasjement for miljø og berekraftige løysingar.
-
Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning
Kva kan vi tilby?
-
Spennande og varierte arbeidsoppgåver innan planlegging, drift og vedlikehald av kommunen sitt vatn- og avløpssystem.
-
Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas miljøløysingar i Sogndal.
-
Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseutvikling.
Om oss
Sogndal kommune er kjend for sitt vakre landskap og aktive samfunnsliv. Me legg vekt på å skape eit godt bumiljø og tenester av høg kvalitet for innbyggjarane våre.
Interessert?
Send oss ein søknad og CV innan 2.februar!
Me gler oss til å høyre frå deg!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO