Avdelingsleiar ressurssenter – Ørsta vidaregåanda skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sales, retail and retail trade Personal service(20 hours ago)
Job Description
Published 31-10-2024
Deadline: 14-11-2024
Avdelingsleiar ressurssenter
Vil du vere med å utvikle vidaregåande opplæring for vaksne?
Vi leitar etter deg som vil vere med å leie det viktige arbeidet med å få fleire vaksne til å fullføre vidaregåande opplæring. Vidaregåande opplæring for vaksne er eit nasjonalt satsingsområde.
Fylkeskommunen skal ha fire regionale senter for vidaregåande opplæring for vaksne frå hausten 2025.
Som avdelingsleiar får du vere med å utvikle tilbodet i regionen. Du får jobbe tett saman med skoleeigar og dei andre avdelingsleiarane for å utvikle eit fleksibelt tilbod som gjer at fleire vaksne fullfører vidaregåande opplæring og får varig tilknyting til arbeidslivet.
Arbeidsoppgåver
- leie ressurssenteret og utvikle tilbodet for vaksne i regionen
- saksbehandle (kartlegging, realkompetanse- og rettsvurdering)
- utarbeide individuelle opplæringsplaner for deltakarar
- ressursplanlegging
- økonomi og budsjettansvar
- samarbeid med interne og eksterne aktørar og ulike nettverk i regionen
Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning
- relevant erfaring, gjerne leiarerfaring
- kjennskap til og innsikt i vidaregåande opplæring for vaksne
- digital kompetanse
- gjerne kjennskap til skoleadministrative system
- god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi vil legge vekt på at du
- kan ta sjølvstendig initiativ og samarbeide tett med både interne og eksterne samarbeidspartnarar
- liker å arbeide med mennesker
- evner til å ta tak i nye oppgåver og lage system og rutiner for arbeidsprosessar
- har strategisk evne og utviklingsdriv
- kan skape gode relasjonar og engasjement
- har god gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
- er løysingsorientert, strukturert, effektiv og handlekraftig
Vi tilbyr
- ei viktig leiarstilling på eit arbeidsfelt i endring og utvikling
- å vere del av leiargruppa på skolen og bli ein del av eit team med leiarane frå ressurssentra og skoleeigar
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Anna
Det kan bli noko reising, og det er derfor ønskeleg at du har sertifikat og disponerer eigen bil.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Kontaktinformasjon
Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491
Arbeidsstad
Holmegata 14
6153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4866634549
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ørsta vidaregåanda skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Om skulen (orsta.vgs.no) Vi er rundt 300 elevar og eit 80-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. |
Webside | https://orsta.vgs.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | ØRSTA (Adresse: Holmegata 14 Postnr: 6153) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 14-11-2024 |