Job Description

Published 15-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Avdelingsleiar psykisk helse og rus

Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune?

Me skal etablere ei ny avdeling på Leikanger og treng ein dyktig og motivert avdelingsleiar til å utvikle og drive avdelinga. Her vil du få moglegheit til å vere med frå start og bygge opp noko nytt.

Det er ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar.

Stillinga er delt med 70% administrativ del og 30% i miljøet. 30 miljøet utgjer ei arbeidshelg med langvakter. Ein arbeidar 4.kvar helg.

Avdelinga er under etablering og vil ved oppstart ha ca 10 årsverk.

 

Arbeidsoppgåver og ansvar:

  • Ivareta det faglege, administrative og daglege ansvaret i avdelinga.
  • Personalansvar
  • HMS og internkontroll
  • Utarbeide prosedyrar og rutinar
  • Ansvar for å utvikle, forbetre og nytte ressursane på ein effektiv og rett måte
  • Delta i økonomistyring for avdelinga i samarbeid med tenesteleiar
  • Turnus
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre offentlege instansar
  • Vere ein pådrivar til utvikling av organisasjon og teneste i tråd med kommunen sine planar og satsingsområde.
  • Fremje god trivsel og eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig helse og sosialfag evt anna relevant høgskuleutdanning
  • Leiarerfaring er ynskjeleg
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg.
  • God datakunnskap og interesse for digitale fagsystem
  • Førarkort kl B
  • Beherskar godt norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide målretta og strukturert.
  • Løysing og resultatorientert
  • Sjølvstendig, lyttande og tydleg på forventningar og tilbakemeldingar
  • Er fleksibel og reflektert
  • Kan takle uforutsette situasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.

Me tilbyr:

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i stadig utvikling.
  • Fokus på kompetanseutvikling
  • Fokus på brukarmedverknad
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • Ein kommune i utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Psykisk helse og rus orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted LEIKANGER (Adresse: Riverdalen 5 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2ee35bf7-1177-404a-8e7c-0e4e4a8bdd77
IMPORTAPI