Job Description

Published 17-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Avdelingsleiar Øystese skule 

ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR?

Øystese skule er ein barneskule for 1.-7. trinn, sentralt plassert i vakre Øystese sentrum med Hardangerfjorden som næraste nabo. Skuleåret 2024/2025 har skulen 250 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, sekretær, 28 lærarar, sju fagarbeidarar, to miljørettleiarar og to lærlingar. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen.

Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.

Utviklingsområde skulen har fokus på: Implementering av ny læreplan, BTI (Betre tverrfagleg innsats),VFL (vurdering for læring) ,LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse)  og Udir si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde.

 

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du:

  • ha oppgåver som inneber fag- og personalansvar i skulen sitt leiarteam
  • vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
  • leia, motivera og utvikla eit profesjonelt læringsfellesskap som støttar og utfordrar 
  • bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20     
  • leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
  • prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
  • støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og lovverk
  • involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar                

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning for barneskule jf. forskrift til opplæringslova § 12-2, 12-3, 12-4
  • digital kompetanse og interesse for digital utvikling av skulen
  • erfaring frå undervisning på 1.-7 trinn er ei føremon
  • skuleleiarerfaring og/eller nasjonal skuleleiarutdanning er ei føremon 
  • annan relevant høgskulebakgrunn og/ eller leiarutdanning vil verta vurdert om det ikkje er aktuelle søkjarar som stettar krava om pedagogisk utdanning i jmf. forskrift  opplæringslova §12-2, 12-3, 12-4

Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på personlege eigenskapar som: 

  • gode relasjons- og samarbeidsevner 
  • at du er trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
  • at du har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • engasjement og fleksibilitet
  • at du evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø og teamkultur
  • leiarsamlingar med alle 80 leiararane i kommunen
  • systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
  • spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

    Generell informasjon:

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Siri Kaale, Avdelingsleiar Øystese skule, +47 954 76 664

Arbeidsstad

Ingebrigt Vik-vegen 28
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4873257275
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øystese skule, Kvam herad orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted ØYSTESE (Adresse: Ingebrigt Vik-vegen 28 Postnr: 5610)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-12-2024
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/235706f6-d303-40a5-a497-c89e7d73ce72
IMPORTAPI