Avdelingsleiar – Medisinsk avdeling Stord sjukehus
Salg og service Personlig tjenesteyting(2 weeks ago)
Job Description
Published 09-04-2025
Deadline: 24-04-2025
Avdelingsleiar
Vi søkjer deg som ønsker å leie ei stor og spennande avdeling med stor bredde og høg spisskompetanse.
Stillinga rapporterer direkte til klinikkdirektøren og inngår i klinikkdirektøren si leiargruppe.
Avdelingsleiaren har eit delegert overordna resultatansvar for medisinsk avdeling ved Stord sjukehus. Dette inneber ansvar for personal, budsjett/økonomistyring, aktivitet og kvalitet, samt fastsetjing av mål og utarbeiding av planar for drift og verksemd.
Medisinsk avdeling har to sengepostar med til saman 32 senger, samt medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse, som har eigne funksjonsleiarar. I tillegg har vi medisinsk eining for legar med overleger og LIS2/3, samt eining for LIS1, som er organisert direkte under avdelingsleiaren.
I medisinsk avdeling arbeider blant anna spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar. Høg aktivitet og engasjert personell kjenneteiknar avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Delegert totalansvar for avdelinga. Avdelingsleiar skal leie og utvikle verksemda etter vedtatte målsettingar og strategiar, og i tråd med gjeldande fullmakter, lovar, forskrifter og avtaleverk
- Personalansvar
- Budsjett- og resultatansvar
- Delta i klinikken si leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule
- Fagleg kompetanse, klinisk erfaring innan fagområdet blir vektlagd
- Leiarutdanning eller relevant ledererfaring blir vektlagd
- Gode IKT kunnskaper
- Gode norsk ferdigheiter, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vere fleksibel og ha evne til å vurdere saker heilskapleg
- Gode leiareigenskaper og gode samarbeidsevner
- Resultatorientert
- Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- Beslutningsdyktig
- Endringsvillig
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til nytekning og målretta arbeid
Vi tilbyr
- Faglig og personlig utvikling
- Løn etter avtale
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Sunniva Austlid, Klinikkdirektør, +47 90096097
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4950924171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Medisinsk avdeling Stord sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no. |
Webside | |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-04-2025 |