Job Description
Published 26-03-2025
Deadline: 11-04-2025
Avdelingsleiar
Vil du leie ei avdeling i utvikling og vere med på å forme våre helsetenester?
Vi har ledig stilling som avdelingsleiar ved Medisinsk avdeling A, Haugesund sjukehus. Avdelinga består av gastroenterologisk og nyremedisinsk sengepost, gastroenterologisk poliklinikk, nyremedisinsk poliklinikk og dialyseeining, og utgjer til saman omlag 65 årsverk. Personalet er samansett av legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, helsesekretærar og anna støttepersonell. Stillinga inneber heilskapleg resultatansvar på nivå 3, for fag og kvalitet, drift, personell, økonomi og samarbeid.
Avdelingsleiar rapporterer til klinikkdirektør og inngår i leiargruppa i klinikk for medisin.
Helse Fonna er i endring på fleire område, og godt i gang med utbygging av Haugesund sjukehus. Avdelinga skal flytte inn i flotte nye lokale i fra 2027. I samband med dette vil det bli fleire endringsprosessar dei næraste åra.
Vi ønskjer ein leiar som kan bidra til å vidareutvikle avdelinga i tråd med denne utviklinga og de pågåande endringsprosessar. Vi søkjer difor ein initiativrik leiar som stimulerer til fagutvikling og forskning, og som evner å bygge gode relasjonar og samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du må ha evne til å skape entusiasme som bidrar til å vidareutvikle ein forbetringskultur som motiverer til kontinuerlig og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling.
Arbeidsoppgåver
- Avdelingsleiar skal sikre at drift av fagområda er i tråd med lov og forskrift, styrande dokument og fagleg god praksis.
- Oppgåvene består av oppfølging av personell, drift, fag, kvalitet, økonomi og internkontroll. I tillegg til dette kontinuerleg arbeid med strategisk fornying og utvikling.
- Avdelinga har tre funksjonsleiarar som rapporterer til avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring og/eller utdanning. Ved manglande formalkompetanse innan leiing, forventast det vilje til å ta leiarutdanning.
- Relevant helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå med norsk autorisasjon
- Erfaring frå samarbeid på tvers og god organisasjonsforståing
- Erfaring med økonomistyring
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Ønskjeleg med erfaring i samband med leiing av endringsprosessar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- blir motivert av utfordringar, og av å finne løysingar i samarbeid med andre
- er open, ærleg, transparent og både fagleg og personleg tillitvekkande og trygg
- har ei strategisk tilnærming med utprega evne til å sjå og tenkje heilskapleg
- har gjennomføringsevne, og er resultat- og løysningsorientert
- er dyktig til å byggje og ivareta relasjonar, har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og er ein teambygger
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i utvikling
- ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- ei leiarstilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit fagmiljø med høg kompetanse og tverrfagleg samarbeid
Kontaktinformasjon
John Conrad Brandsø, Klinikkdirektør, +47 40238776
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4941906170
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Medisinisk avdeling A, Haugesund sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no. |
Webside | |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-04-2025 |