Avdelingsleiar kraftverksdrift – Tussa

Sales, retail and retail trade Personal service

(2 weeks ago)

  • HOVDEBYGDA
  •  Post Date: 13. March 2025
  •  Expire date: 7. April 2025
Job Description

Published 13-03-2025
Deadline: 07-04-2025

Avdelingsleiar kraftverksdrift

Tussa Energi

Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har i underkant av 30 tilsette. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden. 

Avdelingsleiar kraftverksdrift

Ser du verdien av å kombinere fagområda økonomi, teknologi og leiing?

Tussa Energi søkjer ein engasjert og erfaren avdelingsleiar til kraftverksdrifta vår der desse elementa står sentralt. Stillinga vil ha det overordna ansvaret for at anlegga våre vert drifta og vedlikeheldt i tråd med Tussa sin vedtekne vedlikehaldsstrategi og styresmaktene sine retningslinjer og krav. Avdelingsleiar vil ha personalansvar for 10 dyktige medarbeidarar. Å initiere aktivitetar som sikrar kontinuerleg forbetring er viktig, samstundes som ein balanserar effektiv og trygg drift av kraftverka slik at dei er startklare når kraftmarknaden treng dei. Avdelingsleiar vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å sikre berekraftig energiproduksjon der digitalisering, automatisering og optimalisert drift står sentralt. Innsikt og analyse av driftsdata, og innføring av verdibasert anleggsforvaltning, vil bli eit prioritert satsingsområde framover. Du vil vere ein ressurs for heile avdelinga og må kunne samarbeide godt med andre avdelingar. Stillinga går inn i selskapet si leiar-  og beredskapsgruppe. 

Før tilsetjing vil vi gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetjing gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring og kunnskap innan fagområda økonomi, teknologi og leiing.
  • 3-5 år med høgare utdanning. Utdanninga “Industriell økonomi og teknologiledelse” er eit ønskje, men ikkje eit krav.
  • Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt 

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode velferds -, pensjons – og forsikringsordningar

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tussa orgnr: 933159426
Kort om arbeidsgiver

Tussa er eit leiande energi – og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Konsernet har som visjon å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. 

Tussa har ei årleg omsetning på om lag 1,4 mrd. Hovudkontoret ligg i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Webside https://www.tussa.no/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted HOVDEBYGDA (Adresse: Langemyra 6 Postnr: 6160)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/61dfbf9a-18b1-43c2-91df-626c95fb73fc
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/276921

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31