Avdelingsleiar institusjon – Høyanger kommune Høyanger sjukeheim
Sales, retail and retail trade Personal service(2 weeks ago)
Job Description
Published 05-12-2024
Deadline: 31-01-2025
Avdelingsleiar institusjon
Vi søkjer deg som har stort engasjement for kvalitet og som ser høg verdi i tverrfagleg samarbeid. Helse og omsorg er i stadig utvikling og ei viktig oppgåve er utvikling av tenestene ved bruk av moglegheiter som ligg i velferdsteknologi og digitalisering.
Vi har ledig 100% stilling som avdelingsleiar ved Høyanger sjukeheim
Som leiar med personalansvar ser du dine medarbeidarar og er opptatt av å legge til rette for eit godt arbeids- og fagmiljø for å kunne har eit best mogeleg grunnlag for å yte gode tenester til våre brukarar i tett samarbeid med einingsleiar for institusjon.
Kva får du ansvar for:
- organisere og prioritere avdelinga sine tilbod og aktivitetar i samsvar med einingsleiar sine prioriteringar og nytte avdelinga sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver.
- fagleg ansvar for kvalitet og tenesteutvikling i avdelinga
- dagleg drift med personalansvar for alle personalgrupper i avdelinga. Ansvar for utarbeiding av turnus saman med tillitsvalde
- syte for at avdelinga sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar og internkontroll.
- organisere og kvalitetssikre intern opplæring/undervisning som er fastlagd i planar og vedtak i Høyanger kommune.
- sikre at alle nytilsette får tilfredsstillande innføring i avdelinga sine faglege og administrative rutinar.
- rapportere driftsavvik i samsvar med Høyanger kommune sine rutinar og syte for naudsynte tiltak for å førebyggje driftsavvik.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som sjukepleiar. Andre faggrupper som vernepleiar, sosionom og helsefagarbeidarar kan og søkje. Relevant leiarerfaring er ein føremon. Førarkort kl B.
Personlege eigenskapar:
- gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- tillitsskapande med høg integritet
- fleksibel og endringsorientert
- tydeleg og god på å prioritere
- engasjert og nytenkjande
- evne å motivere tilsette
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Kvifor søkje jobb hos oss:
- interessante og spennande arbeidsoppgåver
- konkurransedyktig lønn
- rettleiing
- flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ mot bindingstid
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO