Avdelingsleiar for yrkessjåfør, transport og logistikk – OS1 – OS VGS, Vestland fylkeskommune
Transport og lager Logistikk, lagerarbeid og innkjøp(2 weeks ago)
Job Description
Published 06-11-2024
Deadline: 27-11-2024
Avdelingsleiar for yrkessjåfør, transport og logistikk
Har du ei sterk interesse for transport- og logistikkfaget og ønskjer å bidra til utviklinga av framtidas yrkesutdanning? Os vidaregåande skule søkjer ein engasjert og erfaren avdelingsleiar for utdanningsprogramma våre innan yrkessjåfør, transport og logistikk. Den som blir tilsett vil også bli ein del av skulen si leiargruppe, der vi saman utviklar skulen for framtida.
Som avdelingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for fagleg og administrativ leiing av avdelinga, inkludert personalansvar for 11 tilsette. Du får ei sentral rolle i å utvikle og gjennomføre strategiar som sikrar høg kvalitet i undervisinga, og som møter behova i arbeidslivet og gir elevane våre eit solid fagleg grunnlag. I tett samarbeid med eit kompetent og dedikert team av tilsette, får du moglegheita til å vidareutvikle avdelinga og forme framtidas yrkesutdanning på skulen vår.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at avdelinga følgjer gjeldande lovar, forskrifter og retningsliner
- Leia og utvikla avdelinga mot skulen sine mål og verdigrunnlag
- Sikre høg kvalitet i undervisinga og leggje til rette for fagleg og pedagogisk utvikling
- Personalansvar for tilsette, inkludert rekruttering, oppfølging og kompetanseutvikling
- Samarbeida med tilsette og deira organisasjonar
- Bygge og vidareutvikla tett samarbeid med næringslivet for å sikre fagleg oppdatert innhald i undervisninga
- Budsjettansvar og ressursstyring for avdelinga, inkludert timeplanlegging
- Samarbeid med opplæringskontor og opptak til kurs
- Ha oversikt over og sørge for god forvaltning av kjøyretøy og utstyr
- Undervisning ut frå kompetanse
Kvalifikasjonar
- Krav om høgare utdanning frå universitet eller høgskule
- Krav om erfaring som leiar
- Ønskjeleg med utdanning innanfor faga transport, logistikk, pedagogikk* og/eller leiing
- Ønskjeleg med erfaring frå undervisning, gjerne innan yrkesfaglege program
- Det er ein fordel å ha god kjennskap til transport- og logistikkbransjen
- Du må ha god digital kompetanse, helst med kjennskap til timeplanprogram
- Den som blir tilsett må ha høg arbeidskapasitet og få energi av ein variert arbeidsdag
*Det er krav om pedagogisk kompetanse, kandidatar utan dette kan bli tilsett på vilkår om å ta slik utdanning
Personlege eigenskapar
- Sterke leiareigenskapar med evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- Evne til strategisk tenking og planlegging
- Strukturert og løysingsorientert
- Fleksibel og tilpassingsdyktig med evne til å handle raskt når det trengst
- Engasjert, inspirerande og glad i folk
- Sterk relasjonsbyggar med evne til å skape tillit hos både elevar, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i eit utviklingsorientert miljø
- Moglegheit til å påverke og forme framtidas yrkesfaglege utdanning saman med gode kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, inkludert leiarutvikling
- Ein trygg og stødig arbeidsgjevar
- Gode pensjonsordninger og løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Anne-Merete Mærli Hellebø, rektor, +47 90630721
Arbeidsstad
Kolskogheiane 14
5210 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4881088423
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | OS1 – OS VGS, Vestland fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk. |
Webside | https://www.os.vgs.no/ |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Logistikk, lagerarbeid og innkjøp |
Sted | OS (Adresse: Kolskogheiane 14 Postnr: 5210) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-11-2024 |