Avdelingsleiar for yrkesfag – Sauda vgs, Rogaland fylkeskommune

Education Videregående skole

(5 days ago)

  • SAUDA
  •  Post Date: 24. November 2024
  •  Expire date: 10. December 2024
Job Description

Published 24-11-2024
Deadline: 10-12-2024

 

Avdelingsleiar for yrkesfag

Sauda vidaregåande skule har om lag 100 tilsette for å gi nærare 450 elevar og vaksne deltakarar eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen har tre avdelingar, to i Sauda og ein i Suldal.

Skulen har status som regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke og er samstundes eit av seks opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne i Rogaland.

Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur pregar av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Skulen søker heile tida nye og framtidsretta løysingar og tilbod.

Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

Skulen har tre avdelingar for yrkesfaglege utdanningsprogram. Vi har no ledig 100% stilling som avdelingsleiar for avdelinga har ansvar for teknologi- og industrifag, elektro og datateknologi, bygg- og anleggsteknikk og yrkes- og studiekompetanse.

Avdelinga er lokalisert i Sauda. 70% av stillinga er leiarressurs der oppgåva er å ha personalansvaret samt det pedagogiske og økonomiske ansvaret for avdelinga. 30% av stillinga vil vere undervising eller andre oppgåver. Den prosentvise fordelinga kan endrast ved behov.

Avdelingsleiaren er med i leiargruppa ved skulen som består av rektor, 6 avdelingsleiarar og administrasjonsleiar.

Skulen søker ein kulturberar og kulturbyggar som kan bidra til å skapa gode resultat, løfte lag, utvikle og fornye

Du må kunne samarbeide og leie eit arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement. Du må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg.

Krav til stillinga:

  • Relevant høgare utdanning eller høgare yrkesfagleg utdanning
  • Undervisningskompetanse inkludert PPU
  • Godkjend politiattest

Ønska kvalifikasjonar

  • Leiarutdanning
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå undervising på yrkesfaglege utdanningsprogram
  • Arbeidserfaring frå fagområda til avdelinga.
  • God kjennskap til IKT

Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap.

Vi tilbyr

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap 
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter 
  • offentleg tenestepensjon  og forsikringsordningar
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

 

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.

Kontaktinformasjon

Lisbet Bakka, 90102124

Arbeidssted

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune

Referansenr.: 4889388332
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sauda vgs, Rogaland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber for en bærekraftig utvikling og sterkere fellesskap i hele Rogaland. Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Webside http://www.rogfk.no/
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted SAUDA (Adresse: Griegs gate 40 Postnr: 4200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2ca994b1-185c-4881-ae5b-3393c41064e8
IMPORTAPI