Avdelingsleiar – Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Sales, retail and retail trade Personal service(3 weeks ago)
Job Description
Published 04-11-2024
Deadline: 26-11-2024
Avdelingsleiar
Gotatoppen har ledig ei 100% stilling som avdelingsleiar.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar – Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen – med åtte brukarar på kvar avdeling.
Det blir lagt vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet i tenestene.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og kompetente sjukepleiarar, hjelpepleiarar/ helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har tett samarbeid med lege, fysio/ ergo, heimesjukepleien og spesialishelsetenesta. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til tverrfagleg kompetanse. Vi meiner vi har eit inkluderande arbeidsmiljø der vi er rause, tolerante og spelar kvarandre gode.
Avdelingsleiar vil vere i tenesteleiar si leiargruppe og rapportere direkte til tenesteleiar for Bu- og omsorgstenesta.
Våre verdier:
Respekt, kunnskap, omsorg
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har det faglege og administrative ansvaret for avdelinga og skal innanfor sitt ansvarsområde bidra aktivt i å utvikle heilheitlege og framtidsretta helse og omsorgstenester for kommunen. Stillinga inneber personalansvar for ca 25 tilsette. Avdelinga har og ein del elever, lærlingar og spl.studentar gjennom året.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i leiing evt. erfaring frå liknande leiarstilling i offentleg sektor er ønskeleg men ikkje eit krav. Leiarutdanning/ kurs vil ein få tilbod om
- Gode norskkunnskaper og god muntleg og skriftleg framstillingsevne
- Ha god og generell datakunnskap og kan tileigne seg fagsystem som blir brukt i kommunen
Personlege eigenskapar
Vi er på utkikk etter deg som:
- Har erfaring frå spesialisthelsetenesta med tanke på den aukande kompleksiteten i vår pasient gruppe
- Er tydelig, strukturert og systematisk
- Er utviklings- og endringsorientert
- Har evne til å motivere og engasjere dine medarbeidarar
- Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er lojal og sjølvstendig
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling med stor moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Eit arbeidsfelleskap med engasjerte og dyktige kollegaer
- Eit raust og godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu og omsorg, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4881060723
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. |
Webside | http://www.gloppen.kommune.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-11-2024 |