Avdelingsleiar barnebustad og barneavlastning. – Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Health and social care Leder innenfor helsetjenester(1 day ago)
Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Avdelingsleiar barnebustad og barneavlastning.
Vi søkjer etter ein engasjert og nytenkjande avdelingsleiar til vår barnebolig som er oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling i 100% fast stilling. Som avdelingsleiar for barnebolig og barneavlastning vil du ha ansvar for oppbygging og tilbod til barn og unge under 18år. Du får ansvar for å følge opp faglig utvikling, lovkrav og vil ha tett samarbeid med pårørande og tverrfaglege tenester.
Haram bustadar blir frå 2025 delt inn i 3 avdelingar. Haram bustadar 1 består av bustadar, Haram bustadar 2 består av bustadar, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Avdeling 3 består av barnebustad og barneavlastning, boligen har lokasjon på Solbakken på Vatne. Som avdelingsleiar vil du jobbe i team saman med dei 2 andre avdelingsleiarane og med tenesteleiar. Oppmøtestad for arbeidsdagen er til vanleg på Solbakken, men kan også vere i Brattvåg. Vi gir i hovedsak tenester til menneske med diagnose utviklingshemming. Butenesta er opptatt av å gi gode tenester til tenestemottakarane og skape eit godt arbeidsmiljø for tilsette.
Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen “Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming”. Som avdelingsleiar skal du vere med å lede dette arbeidet.
Stillinga er ledig frå 3. mars -25, eller etter avtale.
Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for dagleg, fagleg drift og personalansvar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna kommunale føringar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde
- Legge til rette for ein god dialog med tenestemottakarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i kommunen
- Legge til rette for eit godt samarbeid og skape aktive og motiverte tilsette
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie, vernepleie eller anna 3-årig helse eller sosialfagleg u/h-utdanning.
- Du har erfaring frå arbeid med barn.
- Vidareutdanning i leiing/villig til å ta vidareutdanning i leiing
- Erfaring som leiar er ønskeleg men ikkje eit krav
- Beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
- Personleg egenskaper vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Vere engasjert i fag og leiing
- Evne til sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid
- God kjennskap til og forståing for kommunen sine oppgåver
- Løysingsfokusert og høg gjennomføringsevne
- Kunne sette deg raskt inn i nye oppgåver
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å skape tillit, lytte og til å vere til stades
- Fleksibel, nytenkande og løysningsorientert
- Evne til å bygge nettverk, gode samarbeidsevner og like å jobbe i team
- Trivast å jobbe med menneske og like å rettleie andre
- God arbeidskapasitet.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Fleksitid
- Eit godt og engasjert fagmiljø der vi er opptekne av utvikling og velferdsteknologi
- Eit godt samarbeidsklima i leiarteamet
- Ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommuneorganisasjon
- Lønn etter avtale
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 6
6265 vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4895407015
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tenesteområde Butenester, Haram kommune orgnr: 974619172 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Leder innenfor helsetjenester |
Sted | VATNE (Adresse: Ulvestadvegen 6 Postnr: 6265) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | 03-03-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |