Job Description

Published 28-11-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Avdelingsleiar – 100% – Storhaugen bufellesskap

Om stillinga

Vi har ledig ei spanande stilling som avdelingsleiar for eit bufellesskap i Knarvik som ligg under Habiliteringstenester i kommunen. 

Tidlegare har Stallanemarka burettslag og Storhaugen bufellesskap vore ei avdeling men no går vi nye vegar. Framover skal vi ha ein leiar per hus med ein leiarstil som er “hands on” og tilstadeverande. 

Som leiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Du vil ha ei operativ rolle med ansvar for daglig drift av avdelingen. Kvardagen kan vera hektisk der dine evner til å prioritera oppgåver og planlegga eigen arbeidsdag er avgjerande. Du vil bli gitt stor grad av tillit og må være sjølvstendig, og vil dermed være med å forme rolla som leiar. 

Om avdelinga vår

Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik med gratis parkering, og er ein bustad for 7 personar med ulike bistandsbehov. Ein fellesnemnar for å kunne yta gode tenester er langsiktig målarbeid som krev god struktur og føreseielege rammer. Aldersgruppa på bebuarane er frå 30 til 69 år. Det er kring 20 tilsette på avdelinga med ulike profesjonar. 

Sjølve bufelleskapet består av eit hovedbygg med fellesareal, kontor og tre leiligheiter og 4 frittståande leiligheiter som ligg rett ved hovedbygget. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde. Det er ein god stad å vere ny, og dei tilsette vert teken godt imot. Arbeidsmiljøet pregast av sterkt engasjement for bebuargruppa og godt humør.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God IKT- kunnskap
  • Kunnskap og erfaring med HOL kap. 9
     

    Det er eit føremon om du har:

  • Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing og rettleiing
  • Erfaring med å utarbeide turnus
  • Erfaring frå arbeid i turnus

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for at  den daglege drifta er planlagt, koordinert og gitt etter gjeldande lovverk og interne rutinar
  • Økonomistyring i henhold til budsjett, månadleg  økonomirapportering med utarbeiding av prognose. 
  • Personalansvar 
  • Samarbeid med andre avdelingar og samarbeidspartar
  • Sikre at tenesta er fagleg og etisk forsvarleg
  • HMS ansvar
  • Ansvar for å leie avdelinga gjennom endring og omstilling.
  • Sikre brukarmedverknad og samhandling med pårørande.
  • Ansvar for å sikre eit godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde.
  • Leie, rettleie og følge opp personalgruppen, samt iverksette og følge opp ulike faglige tiltak og vedtak etter Hol Kap 9

Personlege eigenskapar

Vi legger stor vekt på at du har personlige egenskaper som er viktige i en lederrolle. Vi søker deg som er brukar- og serviceorientert, med god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg. Du er tydeleg, fleksibel og engasjert. Evna di til å skape gode relasjonar, motivere og sjå moglegheiter er viktig. Du har eit sterkt ønske om å utvikle avdelinga og tenesteområdet.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Høve til å være med å påverke og utforme Habiliteringstenesta
  • Støtte og fellesskap i leiarteamet
  • God pensjonsordning, yrkesskade – og gruppelivsforsikring
  • Spennande og variert arbeidskvardag i ei viktig teneste i kommunen
  • Årleg kompensasjon på 7 ekstra fridagar for arbeid ut over ordinær arbeidstid, jf. rutine i Alver kommune

Tida framover: Alver i endring og omstilling 

Alver kommune står i ein omstillingsprosess der me saman skal byggje Alver-laget for framtida. Habiliteringstenesta er i ei spanande utvikling, der vi skal gjennomføre organisatoriske og strukturelle grep for å sikre ei ressurseffektiv drift som på same tid yt gode og framtidsretta tenester. Det skal i organisasjonsprosjektet mellom anna vurderast avdelings- og leiarstruktur i Tenesteområdet.

Du vil som leiar, saman med dei andre avdelingsleiarane i Habiliteringstenesta og tenesteleiar, være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i Habiliteringstenesta er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og berekraftige tenester i framtida.

Vi er Alver

“Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet” – sjå den flotte videoen som viser kva vi er og kva vi gjer!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.

Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvassnesvegen 16 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fc091e28-152b-4b26-8711-ee28ab37352e
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270950