Job Description

Published 28-11-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Avdelingsleiar – 100% – Stallanemarka burettslag

Om stillinga

Vi har ledig ei spanande stilling som avdelingsleiar for Stallanemarka burettslag i Knarvik. Stillinga ligg under Habiliteringstenester i kommunen. 

Her er det 10 bebuarar som eig sin eigen bustad med ulik grad av tenestebehov, men ein fellesnemnar er langsiktig målarbeid som krev god struktur og føreseielege rammer. Det er totalt 17 årsverk ved avdelinga.

Tidlegare har Stallanemarka burettslag og Storhaugen bufellesskap vore ei avdeling men no går vi nye vegar. Framover skal vi ha ein leiar per hus med ein leiarstil som er “hands on” og tilstadeverande. 

Som leiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Du vil ha ei operativ rolle med ansvar for daglig drift av avdelingen. Kvardagen kan vera hektisk der dine evner til å prioritera oppgåver og planlegga eigen arbeidsdag er avgjerande. Du vil bli gitt stor grad av tillit og må være sjølvstendig, og vil dermed være med å forme rolla som leiar. 

Om oss 

Stallanemarka burettslag ligg sentralt til; like ved Knarvik senter med gode bussforbindelser. Det er bustaden til 10 personar med ulike bistandsbehov. Stallanemarka er ein god stad å vere ny, og den tilsette blir teke godt imot.

Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for bebuargruppa og eit godt humør.

Det er ei erfaren og kompetent personalgruppe, som består av fleire dyktige medarbeidarar med ulik fagkompetanse og erfaring. 
Målet vårt er å skape tryggleik, gje tenester av høg fagleg og etisk kvalitet, og gje bebuarar gode opplevingar kvar dag.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for at  den daglege drifta er planlagt, koordinert og gitt etter gjeldande lovverk og interne rutinar
  • Økonomistyring i henhold til budsjett, månadleg  økonomirapportering med utarbeiding av prognose. 
  • Personalansvar 
  • Samarbeid med andre avdelingar og samarbeidspartar
  • Sikre at tenesta er fagleg og etisk forsvarleg
  • HMS ansvar
  • Ansvar for å leie avdelinga gjennom endring og omstilling.
  • Sikre brukarmedverknad og samhandling med pårørande.
  • Ansvar for å sikre eit godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde
  • Leie, rettleie og følge opp personalgruppa, samt iverksette og følge opp ulike faglige tiltak og vedtak etter Hol Kap 9

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God IKT- kunnskap
  • Kunnskap og erfaring med HOL kap. 9

    Det er eit føremon om du har:

  • Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing og rettleiing
  • Erfaring med å utarbeide turnus
  • Erfaring frå arbeid i turnus

Personlege eigenskapar

Vi legger stor vekt på at du har personlige egenskaper som er viktige i en lederrolle. I tillegg til integritet, fleksibilitet og gode samarbeidsevner søkjer vi deg som er brukar- og serviceorientert, med god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg. Du er også tydeleg, fleksibel og engasjert. Evna di til å skape gode relasjonar, motivere og sjå moglegheiter er viktig. Du har eit sterkt ønske om å utvikle avdelinga og tenesteområdet.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Høve til å være med å påverke og utforme Habiliteringstenesta
  • Støtte og fellesskap i leiarteamet
  • God pensjonsordning, yrkesskade – og gruppelivsforsikring
  • Spennande og variert arbeidskvardag i ei viktig teneste i kommunen
  • Årleg kompensasjon på 7 ekstra fridagar for arbeid ut over ordinær arbeidstid, jf. rutine i Alver kommune

Tida framover: Alver i endring og omstilling 

Alver kommune står i ein omstillingsprosess der me saman skal byggje Alver-laget for framtida. Habiliteringstenesta er i ei spanande utvikling, der vi skal gjennomføre organisatoriske og strukturelle grep for å sikre ei ressurseffektiv drift som på same tid yt gode og framtidsretta tenester. Det skal i organisasjonsprosjektet mellom anna vurderast avdelings- og leiarstruktur i Tenesteområdet.

Du vil som leiar, saman med dei andre avdelingsleiarane i Habiliteringstenesta og tenesteleiar, være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i Habiliteringstenesta er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og berekraftige tenester i framtida.

Vi er Alver

Bli kjent med oss!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.

Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvassnesvegen 16 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d984a9d4-4d12-4d48-95ba-62e938caf59c
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270951